Find Your Next Job

Ambulerande Overstyrmann I Sambandet Arsvågen-Mortavika

Posted on April 26, 2025

  • N11, Norway
  • No Salary information.
  • Full Time

Ambulerande Overstyrmann I Sambandet Arsvågen-Mortavika

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS



Om stillinga

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig stilling som ambulerande overstyrmann i sambandet Arsvågen-Mortavika.


Hos oss får du jobbe i ein bedrift med gode karriere moglegheitar, saman med dyktige og kjekke kollegaer. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Skiftordning: Sjøvakt - 2 veker på og 2 veker av.
Ein bur om bord når ein er på vakt, og får dekt reisekostnader til/frå arbeid.

Oppstart snarest.


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

12.05.2025

Arbeidsgivar:

Fjord1 AS

Stillingstittel:

Ambulerande overstyrmann i sambandet Arsvågen-Mortavika

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4960967757

Sosial deling :


Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling på si vakt
  • Ansvarleg for retting av kart og fyrlister
  • Tryggleiksoffiser
  • Navigere sjølvstendig på si vakt
  • Ettersyn av navigasjonsutstyr
  • At navigasjonshjelpemiddel er i samsvar med gjeldande reglar
  • At førstehjelpsutstyr er i samsvar med gjeldande reglar
  • At brann- og redningsutstyr er i orden og vert vedlikehaldt i samsvar med Amos
  • Opplæring av personell
  • At lasting og lossing vert utført forsvarleg, delta om naudsynt
  • Andre oppgåver iht. stillingsinstruks

Kvalifikasjonar

  • Minimum D2-sertifikat
  • VHF/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandteringskurs
  • Ferdighetssertifikat vidaregåande IGF
  • Gyldig helseattest
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Personlege eigenskapar

  • Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Fleksibel
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffiserforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Sjøvaktsavtale: 2 veker på, 2 veker av
  • Ein bur om bord når ein er på vakt, og får dekt reisekostnader til/frå arbeid.
  • Oppstart snarest



Adresse:
Arsvågen ferjekai, Bokn Municipality, Norge

Mortavika Ferjekai
E39
4150 Rennesøy
Norge

Kontaktinformasjon

Marit Synnøve Kjetland
Bemanningskoordinator
Telefon:
+47 47995295
E-post:
marit.kjetland@fjord1.no

Om arbeidsgivaren

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!