Find Your Next Job
Assistent Til Fast Helgestilling
Posted on May 20, 2025
- Bergen, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Part Time
Tailor Your Resume for this Job
Kronstad Allmenn døgnbehandling tilbyr korte målretta opphald akutt og elektivt.
Behandlingstilbodet er individuelt utforma, men kan innehalde: Utgreiing av diagnose og funksjonsnivå, medikasjon, ECT (som blir utført av avdeling for psykosomatikk), samtalebehandling med behandlingsteam, i grupper og individuelle samtalar, miljøterapi, fysisk aktivitet, psykoedukasjon, etablering av kontakt med ettervern, sosionomtenester, oppfølging frå fysioterapeut, heimebesøk, samtalar med pasientens barn og pårørande.
Vi har ledig faste 17% helgestillingar som assistent med oppstart snarast/etter avtale.
Er du student og vurderer å jobbe innan psykiatri seinare, er dette ein jobb som gir mykje relevant erfaring.
03.06.2025
Helse Bergen HF
Assistent til fast helgestilling
Deltid
Fast
17
4972404865
16.06.2025
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er å følge opp pasientar ut frå retningslinjer gitt av behandlande team. Dette kan skje i døgneininga, men kan og dreie seg om å følge pasientar heim eller på tur, delta i ulike aktivitetar o.l
- I tillegg til direkte pasientarbeid vil det og vere arbeid av meir praktisk art som t.d. tilrettelegging av måltid, rydde og halde reint
Kvalifikasjonar
- Stillinga passar godt for studentar innan ulike helsefag
- Det er ønskeleg med førarkort då vi disponerer bil
- Søkar må meistre norsk, både skriftleg og munnleg
Vi tenker at du:
- Er pasientorientert
- Kan jobbe sjølvstendig
- Er ansvarsbevisst
- Har respekt for kvar enkelt pasient
- Er samarbeidsvillig og fleksibel
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!