Find Your Next Job
Avdelingsleiar 2 X 100 % Fast Stilling Ved Stokke Og Vik Skole
Posted on May 5, 2025
- Ellingsøy, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time

Stokke og Vik skole, Ålesund kommune
Stokke og Vik skole har ledig 2 x 100 % fast stilling som avdelingsleiar frå 1.8.25. Stillinga er delt opp med 50 % administrasjon og 50 % undervisning.
Avdelingsleiarane vil saman med rektor og SFO-leiar danne skulen sitt leiarteam. I stillinga inngår delegert ansvar på områda personal, pedagogisk og administrativ leiing. Avdelingsleiarane sitt føremål er å leie og fordele det faglege arbeidet på si avdeling på ein fagleg og pedagogisk måte, slik at elevane får eit best mogleg læringsutbytte. Vi har organisert oss med ein avdelingsleiar for 1.-4.klasse, og ein avdelingsleiar for 5.-7.klasse.
Den eine avdelingsleiaren vil vere rektor sin "stedfortreder", og vil derav ha noko meir ansvar. Det vil følgje ein lønnskompensasjon til denne funksjonen.
Stokke og Vik skole er éi verksemd, fordelt på to stader aust på Ellingsøya.
1.-4.klasse held til på Stokke skole. Her finn du også SFO.
5.-7.klasse held til på Vik skole.
Begge avdelingane ligg flott til i umiddelbar nærleik til både fjord og fjell. Skulane har flotte uteområde som gir eit godt utgangspunkt for variert og aktiv læring. Stokke og Vik skole er ein nynorskskule.
Stokke og Vik skole sine verdiar er meistring, respekt og tryggleik.
19.05.2025
Ålesund kommune
Ellingsøy
Avdelingsleiar 2 * 100 % fast stilling ved Stokke og Vik skole
2
Heiltid
Fast
100
4959710758
01.08.2025
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiarane utgjer i lag med rektor og SFO-leiar skulen si leiargruppe, og i samarbeid med personalet har leiargruppa eit ansvar for skulen si utvikling og resultat. Avdelingsleiarane skal saman med rektor leie og bidra i organisasjonsutvikling samt pedagogisk utviklingsarbeid. Leiargruppa skal organisere skulen sitt arbeid etter læreplan, gjeldande lovverk og avtaleverk.
-
I samarbeid med rektor prioritere pedagogiske aktivitetar, heilhet, pedagogisk plattform, pedagogiske
planar. - Sikre ein raud tråd mellom sosiale og faglege aktivitetar, pedagogisk plattform og pedagogiske planar.
- Følgje opp lokale læreplanar og aktivitetsårshjul på si avdeling.
- Leie det faglege arbeidet (1.-4.kl / 5.-7.kl)
- Følgje opp elevane si læring og trivsel
- Saman med leiarteamet samarbeide om utviklingsarbeid. Planlegge utviklingstid, samt følgje opp satsingsområder.
- Timeplanlegging
- Ansvar for vikarkabal for si avdeling.
- Førebu og koordinere gjennomføring av kartleggingsprøver og brukarundersøkingar
- Gjennomføre medarbeidersamtalar og oppfølgingssamtalar med lærarane på avdeling
- Bidra til godt samarbeid og god kommunikasjon med alle skulen sine tilsette
- Samarbeid med interne og eksterne ressursgrupper og personar
- Ansvar for koordinering av tospråkleg opplæring og norsk 2- undervisning
- Følgje opp kriterie for å vere dysleksivenleg skule
- Bidra i saker som omhandlar eleven sin rett til eit trygt og godt læringsmiljø.
- Bidra i saker som omhandlar intensiv opplæring og individuelt tilrettelagt opplæring
- Følgje opp elevar i samarbeid med kontaktlærar og føresette, og i tverrfagleg samarbeid med andre aktører som PPT, BUP, barnevern og helsesjukepleiar.
- Elevråd og ansvar for å koordinere trivselsfremjande tiltak på avdelinga
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning samt undervisningskompetanse i fag på barneskule
- Fleire års erfaring frå undervisning på barneskule
- Kompetanse og erfaring innan begynnaropplæring
- Ønskeleg med leiarerfaring frå skule
- Ønska tilleggsutdanning: leiarutdanning
- Erfaring med ulike kartleggingsverktøy, samt kompetanse innan tiltak/intensivopplæring i lesing og skriving
- God digital kunnskap og praksis
- Kunnskap om relevant lovverk i tillegg til kunnskap om pedagogisk utviklingsarbeid og administrativt arbeid
Personlege eigenskapar
- Du evner å byggje tillit og gode relasjonar.
- Du har god relasjonskompetanse - evne til å involvere personale, foreldre og elevar i utviklingsarbeidet.
- Du er tydeleg og strukturert i arbeidet ditt.
- Du har vilje og evne til å arbeide ryddig, strukturert og målretta
- Du tek initiativ
- Du har evne til god dialog og samspel og å vekke engasjement
- Du har god systemforståing
- Du har eit stort engasjement for å involvere, kommunisere og gjennomføre.
- Du har evne til å arbeide løysningsorientert i eit travelt miljø og samtidig behalde eit godt humør.
-
Du er oppteken av organisasjons- og profesjonsutvikling.
- Du verdset å samarbeide i team.
- Du har eit positivt elevsyn
- Du er lærevilleg og ønskjer å utvikle deg sjølv og dei rundt deg.
Personleg eigenskap til bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Eit positivt, inkluderande fellesskap der samarbeid og samhandling står høgt.
-
Varierte og spennande oppgåver i ein arbeidskultur med høg faglegheit.
-
Reelt leiaransvar for motiverte og dyktige medarbeidarar
-
Moglegheit til å vekse og utvikle seg i profesjonelle læringsfellesskap.
- God pensjonsordning i SPK og lønn i henhald til HTA kp. 3.4.3
Kontaktinformasjon
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!