Find Your Next Job
Avdelingsleiar Til Norheimsund Skule
Posted on March 25, 2025
- Norheimsund, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time

(i ny fane)
Om stillinga
ER DU VÅR NYE ENGASJERTE AVDELINGSLEIAR?
- Norheimsund skule 1.-7. trinn er den største barneskulen i Kvam og ligg plassert midt i sentrum i regionsenteret Norheimsund i Hardanger
Skulen har hausten 2025 274 elevar, rektor, to avdelingsleiarar, SFO-leiar, sekretær, 36 lærarar, 16 fagarbeidarar, 2 miljørettleiarar og 2 lærlingar
Tilsette ved skulen har høg fagleg kompetanse og god samarbeidskultur. Variasjon i undervisning og arbeidsmåtar, gode relasjonar og inkluderande klasseleiing er viktig i Kvammaskulen. Alle skulane i Kvam har støttesystem som gjev rask hjelp til elevar når behov dukkar opp. Skulen har eit aktivt og engasjert elevråd og ei foreldregruppe som støttar opp om eit trygt og godt skulemiljø. - Norheimsund skule har behov for avdelingsleiar 5. - 7 trinn i eit vikariat frå 01.08.2025 - 31.07.2026.
-
Utviklingsområde i skulene i Kvam:
- Implementering av ny læreplan
- BTI - Betre Tverrfagleg Innsats
- Trygt og godt skulemiljø
- Inkluderande undervisining
-
Dekom (desentralisert ordning for kompetanseutvikling) Tema: Folkehelse og livsmestring
- Klasseleiing, positivt elevsyn og relasjonsbygging er viktig i Kvammaskulen
Nøkkelinformasjon
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar vil du:
- ha oppgåver som inneber fag- og personalansvar i skulen sitt leiarteam
- vidareutvikla ein trygg og god skule med eit inkluderande læringsmiljø for elevane
- leia, motivera og utvikla eit profesjonelt læringsfellesskap som støttar og utfordrar
- leggja til rette for at lærar/fagarbeidarar vert tildelt oppgåver ut frå kompetanse slik at læringsutbytet for kvar elev aukar
- ha medansvar for vikararbeid
- ha noko elevundervisning i stillinga di
-
evna å prioritera mellom mange arbeidsoppgåver og møta det uforutsette med ro, tryggleik og godt humør
- støtta rektor i å driva skulen i tråd med vedtekne rammer, politiske og administrative vedtak
- bruka forskingsbasert kunnskap og skapa engasjement om felles mål i tråd med LK 20
- involvera og samarbeida med elevar, tilsette, føresette og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- godkjent pedagogisk utdanning for barneskule jf. forskrift til opplæringslova § 14-3
- digital kompetanse og interesse for digital utvikling av skulen
- erfaring frå undervisning på 1.-7 trinn er ein føremon
- skuleleiarerfaring er ein føremon
- nasjonal skuleleiarutdanning eller at du er villig til å ta denne er eit krav
Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9.
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på personlege eigenskapar som:
- gode relasjons- og samarbeidsevner
- trygg, tydeleg, strukturert og systematisk
- evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
- god kommunikasjonsevne, skriftleg og munnleg
- engasjert og fleksibel
- kan driva team og utvikla skulen som lærande organisasjon på ein motiverande måte
- evnar å arbeida systemretta, sjå heilskapen og utvikla Kvammaskulen i tråd med lovverk, læreplanar og politiske føringar
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og teamkultur
- systemretta utvikling av skulen med vekt på kollektiv kapasitet
- spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
- gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Adresse: Gamle Sandvenvegen 27, 5600 Norheimsund, Norge
Kontaktinformasjon
Om arbeidsgivaren
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger!
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!