Find Your Next Job

Barnehagelærar

Posted on April 23, 2025

  • Slidre, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Full Time

Barnehagelærar
(i ny fane)


Om stillinga

Frå og med barnehageåret 2025-2026 lyser vi ut etter:

  • 100 % fast stilling som barnehagelærar i Slidre kulturbarnehage frå og med 01.08.2025.


Det viser seg at Vestre Slidre kommune er ei attraktiv kommune å bu i, og i den anledning har Slidre kulturbarnehage utvida til 90 barnehageplassar.
Vi har i dag ein barnehage, fordelt på to barnehagebygg. Barnehagane ligg tett ved kvarandre og ein samarbeider tett på tvers.

Vi i Slidre kulturbarnehage er opptekne av natur, kunst, nærmiljø og samfunn. Vår barnehage ligg særs sentralt til i Vestre Slidre kommune, og vi har kort veg til skule, bibliotek, kulturskule, kommunehus, Helsetun, m.m.
Vi samarbeider med kulturskulen i kommunen og har mellom anna musikk i barnehagen ei gong i veka. I tillegg kjem kulturskulen på jamlege besøk gjennom året for å halda konsertar for oss.
Det er også særs viktig for oss å væra mykje ute i naturen, og vi er så heldige å ha ei grillhytte på uteområdet vårt, samt ein gapahuk rett i nærleiken.

Vi har ei personalgruppe med brei kompetanse, beståande av personale med lang erfaring, i tillegg til fleire nyutdanna.
Gjennom god omsorg og tett foreldresamarbeid har vi som mål å gje kvart enkelt barn ein god dag – kvar dag!

Vi ser fram til å sjå deg på søkarlista, du som synes dette ser interessant ut!


Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
08.05.2025
Arbeidsgivar:
Vestre Slidre kommune
Stad:
Slidre
Stillingstittel:
Barnehagelærar
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4959460980
Startdato:
01.08.2025
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg omsorg for det enkelte barn
  • Fokus på trivsel, livsmeistring og helse
  • Tett samarbeid med pedagogisk leiar, samt samarbeid med øvrig personal, og på tvers av avdelingar.
  • Medansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon - dette i samsvar med rammeplan for barnehagar.
  • Evne å ta i mot rettleiing og reflektere rundt eigen praksis, samt kunne rettleie personal og føresette.
  • Bidra til godt foreldresamarbeid
  • Vera ein ressursperson i barnehagen med leiken som pedagogisk verkemiddel

Kvalifikasjonar

  • Du har godkjent 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar
  • Anna høgare pedagogisk utdanning kan bli vurdert.
  • Fagarbeidar innan barne- og ungdomsarbeidarfaget /ufaglærte med erfaring kan også bli vurdert til fagarbeidarstilling ved interne opprykk/omrokeringar

Personlege eigenskapar

  • Er ein fleksibel, aktiv og engasjert vaksen
  • Har evne til refleksjon over eigen praksis i lag med resten av fagmiljøet
  • Har gode samarbeidsevner- og vilje
  • Er strukturert og sjølvstendig i sitt arbeid.
  • Er genuint oppteken av barnehagebarns utvikling i interaksjon med andre
  • Beherskar god kommunikasjon, munnleg og skriftleg
  • Eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit positivt og stabilt arbeidsmiljø
  • Aktive og spanande dagar i lag med barn med fokus på barnehagefaget
  • Stillingsbeskriving for alle stillingar i barnehagen
  • Rettleiing til nyutdanna barnehagelærarar
  • Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar



Adresse: viovegen 14, Slidrevegen 16, 2966 Slidre, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Kristin Bråten Tvenge
Styrar
Telefon: 94803824
E-post: Kristin.Braten.Tvenge@vestre-slidre.kommune.no
Karin Årnes Midthus
Assisterandre styrar
Telefon: 90 26 44 33
E-post: Karin.Arnes.Midthus@vestre-slidre.kommune.no

Om arbeidsgivaren

Andre opplysningar

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.


Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no

Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!

Similar Jobs


Ålesund kommune Ålesund kommune

Barnehagelærar 100% Fast Stilling

Barnehagelærar 100% fast stilling Stette barnehage, Ålesund kommune, Barnehagar Å…

Full Time | Skodje, Norway

Apply 1 month ago