Find Your Next Job
Barnevernkonsulent
Posted on April 22, 2025
- Slidre, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time

Om stillinga
Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune har ledig vikariat som barnevernkonsulent frå 01.06.25 med eit års varigheit. Vi har også ledig vikariat i deltidsstilling.
Har du lyst til å vera med å utvikle tenesta vår? Då bør du nytte moglegheita til å søke no!
Opplysningar om arbeidsstaden og stillinga:
Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune er ei interkommunal teneste der Vestre Slidre er vertskommune. Tenesta består av 7,4 årsverk godt utdanna og engasjerte fagfolk. Tenesta er organisert under avdelinga Familie, helse og førebygging. Barneverntenesta har fokus på å bygge gode og skreddarsydde tiltak for barn, unge og familiar der dei bur. Barnevernet har eit stort fokus på korleis vi organiserer tenesta for å sikre kvalitet og effektivitet i sakshandsaming. Det leggjast stor vekt på tverrfagleg samarbeid med andre tenester.
Tenesta jobbar i hovudsak etter generalistmodellen, som omfattar oppgåver knytte til mottak, akuttarbeid, undersøking, hjelpetiltak, omsorgstiltak/fosterheim og ettervern. Du får difor en variert kvardag og brei erfaring som barnevernkonsulent.
Nøkkelinformasjon
Arbeidsoppgåver
- Undersøking og oppfølging av hjelpe- og omsorgstiltak
- Dokumentasjon, vedtaksskriving og overhalding av fristar i tråd med lovverk
- Partsrepresentant i Fylkesnemnda og øvrige rettsinstansar
- Deltaking i akuttarbeid i barneverntenesta
- Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- 3-årig relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleier
- Påbegynt eller fullført masterutdanning eller annan relevant vidareutdanning er ein fordel, men ikkje eit krav
- Det er ynskjeleg med erfaring innan kommunal barnevernteneste
-
Førerkort klasse B (Krav)
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer deg som:
- har god relasjonskompetanse
- kan uttrykke deg godt munnleg og skriftleg
- har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
- har gode samarbeidsevner både internt og mot eksterne aktørar
- er fleksibel og har høg arbeidskapasitet
- har eit fagleg engasjement
- er trygg, raus og har evne til å bruke humor og varme i fagutøvinga
- vil bidra til gode tverrfaglege løysingar
- har ei grunnleggande positiv innstilling
Vi tilbyr
- Løn etter tariff. Som eit rekrutteringstiltak tilbyr vi minimum 8 års ansiennitet
- Ellers gjeld arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Spennande og meningsfylte arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande, engasjert og kompetent arbeidsmiljø
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- God støtte og rettleiing ved oppstart i stillinga
- Veiledning med ekstern veileder
Adresse: Slidrevegen 16, 2966 Slidre, Norge
Kontaktinformasjon
Om arbeidsgivaren
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noTailor Your Resume for this Job
Share with Friends!
Similar Jobs
Hasvik kommune
Barnevernkonsulent
Om Hasvik kommune Hasvik kommune har ca. 1000 innbyggere og ligger på Sørøya i …
Full Time | Hasvik, Norway
Apply 1 month, 3 weeks ago