Find Your Next Job
Bli Med Å Bygge Framtidas Hurtigbåtar Og Din Eigen Flytande Arbeidsplass!
Posted on Jan. 27, 2025
- Hyen, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time

Fjord1 AS - Maritim Drift
Fjord1 søkjer etter maskinsjef til spennande engasjement i byggjetilsyn ved Brødrene Aa i Hyen, og deretter stilling som maskinsjef på reservefartøy for sambandet Kleppestø - Strandkaien eller Knarvik - Frekhaug - Strandkaien.
Ved verftet i Hyen skal det byggast ein ny, topp moderne hurtigbåt av Aero design til sambandet Knarvik-Frekhaug-Strandkaien.
Tiltreding i engasjement i byggjetilsyn er snarast råd med varigheit til siste fartøy er levert frå verft, juni 2025. I engasjementet vil arbeidsstaden vere Brødrene Aa sitt verft i Hyen. Deretter vil ein gå vidare til fast stilling som maskinsjef på reservefartøy til sambanda i Bergen.
Skiftordning:
Under byggjeperiode: Normal arbeidstid eller turnus basert på avtale og bustadsadresse
I drift: Per i dag er det planlagt to veker på og to veker av, med avløysningsstad i Bergen
Ta kontakt for å høyre meir eller send oss din søknad!
11.02.2025
Fjord1 AS
Hyen
Maskinist til byggjetilsyn ved Brødrene Aa i Hyen
1
Heiltid
Fast
100
4912545202
Arbeidsoppgåver
Byggjetilsyn:
-
Følgje opp at fartøya blir ombygd i samsvar med kontrakt og spesifikasjonar
- Dagleg kommunikasjon med verft
- Kontroll av teikningar og annan dokumentasjon
- Etablering/oppdatering av vedlikehaldsdatabase og styrande dokument
- Inspeksjon og kvalitetskontroll
- Deltaking under testing, oppstart og prøveturar
- Etablering/oppdatering av vedlikehaldsdatabase
- Bidra til erfaringsoverføring til andre prosjekt
Maskinsjef:
- Teknisk leiar som skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehald av maskineri/komponentar jamfør rederiets vedlikehaldssystem, p.t. Amos
- Saman med skipsførar bidra til at rederiets tryggleiksstyringsstyringssystemet, p.t. EQS, vert fulgt og at det er i samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyets tekningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innan sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innan sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
Byggjetilsyn:
- Maskinist med erfaring frå hurtigbåt
- Gode ferdigheiter i bruk av Amos
- Gode engelskkunnskapar er ønskjeleg, då mykje av dokumentasjonen er på engelsk
- Erfaring frå lengre verftsopphald vil vere ein fordel, men ikkje noko krav
- Allmenn datakunnskap
Maskinsjef:
- Minimum M2, eventuelt M3 med maskinsjef 3000 kw
- Sikkerheitskurs jamfør kvalifikasjonsføreskrifta
- Passasjer- og krisehandteringskurs
- FSE e-læring
- Gyldig helseerklæring
- Nordiske språkkunnskap skriftlig og muntleg
- Kvalifikasjonsbevis for brobesetning på hurtiggåande fartøy er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Systematisk arbeidsform
- Ansvarleg
- Fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å arbeide i team
- Ønskje om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar
Vi tilbyr
- Attraktive lønnsvilkår
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Personar med lang reiseveg til arbeidsstad (dvs. for lang for dagpendling) vil få dekka utgifter til reise og opphald etter gjeldande regulativ
Kontaktinformasjon
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!