Find Your Next Job
Byggesaksbehandlar – 100% Stilling, Frist 10.6.25
Posted on May 19, 2025
- Seljord, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time

Om kommunen
Seljord kommune ligg sentralt plassert midt i Telemark og har om lag 3.000 innbyggjarar. Kommunen er kjent som
ein turist- og festivalkommune, noko som gjer at folketalet blir mangedobla i sommarhalvåret. Kommunen er ein
hyttekommune med over 1500 hytter, har eit variert næringsliv og er kjent for å ha eit godt kulturtilbod.
Om stillinga
Vår byggesaksbehandlar går av med pensjon til hausten, og vi søkjer difor etter ein engasjert og dyktig ingeniør i 100
% stilling.
Du vil få ein varierande arbeidsdag der kontakt med private og profesjonelle aktørar er ein del av kvardagen.
Rettleiing og dialog er ei viktig oppgåve for å sikre gode sakprosessar og ein god sakshanbehandling. Då er det viktig
med god fagforståing og interesse for faget.
Stillinga ligg inn under tenesteområdet samfunnsutvikling og drift som har 45 tilsette.
Vi ynskjer tiltreding så snart som råd.
Arbeidsoppgåver
- Behandling av saker etter plan- og bygningslova med tilhøyrande planar og forskrifter.
- Forberede saker for politisk behandling.
- Behandling av saker etter miljø og forureiningslov.
- Matrikkelføring av byggesaksopplysningar.
- Fagrettleiing og dialog med private og profesjonelle aktørar i fagområdet.
- Delta i tverrfaglege og tverretatlege planar, utgreiingar og prosjekter.
- Arbeidsoppgåver kan endre seg etter kommunen sine behov og den tilsette sine kvalifikasjonar.
Kvalifikasjonskrav
- Høgare relevant teknisk utdanning på bachelornivå. Fagskule med lang relevant praksis frå tilsvarande arbeidsoppgåver innan fagområdet kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Inngåande kjennskap til plan- og bygningslova og anna aktuelt lovverk.
- Relevant fagleg erfaring og kunnskap med offentleg forvaltning.
- Gode norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Seljord nyttar nynorsk som adm. språk.
- Førarkort klasse B
Vi ynskjer at du
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Er strukturert, tydeleg og med evne til å jobbe sjølvstendig.
- Er fagleg engasjert og løysingsorientert.
- Vi vil legge vekt på personlege eigenskapar og ei god fagforståing.
Vi kan tilby
- Ein interessant og utfordrande jobb med spennande og varierte arbeidsoppgåver.
- Triveleg arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter, både personleg og fagleg.
- Lønn etter avtale og pensjonsvilkår gjennom KLP, offentleg AFP ordning.
- Seljord kommunen er ein IA-bedrift.
- Moglegheit for heimekontordagar.
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med kommunalsjef Ole Jonny Flatland tlf. 97 74 86 19 eller epost: ole.jonny.flatland@seljord.kommune.no Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader.
Søkjaren må registrere relevant erfaring og utdanning inn i søknadsskjemaet på www.seljord.kommune.no
Søknadsfrist: 10.06.25 Seljord kommune ynskjer ikkje kontakt med annonseseljarar
Kontakt
Kommunalsjef Ole Jonny Flatland
tlf. 97 74 86 19
epost: ole.jonny.flatland@seljord.kommune.no
Søknadsfrist 10.6.25
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!