Find Your Next Job

Er Du Vår Nye Ambulerande Overstyrmann For Framtidas Hurtigbåtar?

Posted on Feb. 3, 2025

  • Bergen, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Full Time

Er Du Vår Nye Ambulerande Overstyrmann For Framtidas Hurtigbåtar?

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS



Om stillinga
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan hurtigbåttransport!

Fjord1 er ein leiande pionér i det grøne skiftet, og skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenleg ferje- og hurtigbåttransport. No utvidar vi hurtigbåtsegmentet vårt med to ombygde fartøy og eit nybygg, som skal trafikkere Askøyruta frå Kleppestø, og Nordhordlandsruta frå Knarvik, til Strandkaien i Bergen sentrum.


Fjord1 søkjer no ein ambulerande overstyrmann til desse hurtigbåtrutene.

Om fartøya og stillinga

I Askøyruta vil du segle med M/S Kleppestø og M/S Florvåg, tidlegare M/S Terningen og M/S Tyrhaug, som no blir bygde om til moderne, elektrisk drift. I Nordhordlandsruta vil det toppmoderne nybygget M/S Alversund gå. Du vil tenestegjere ombord på fartøya i rute etter behov, og når det ikkje er behov i rute, vil du ha base på reservefartøy i Bergen sentrum.

Som ambulerande overstyrmann vil du ha fast grunnløn, og fast turnus på 2 veker av og 2 veker på.


Ønskjer du å bli ein del av framtidas hurtigbåttransport? Søk no!


Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

14.02.2025

Arbeidsgivar:

Fjord1 AS

Stad:

Bergen

Stillingstittel:

Ambulerande overstyrmann på hurtigbåtar i Bergen

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4914807845

Sosial deling :


Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling
  • Avløysar for skipsførar
  • Ettersyn på navigasjonsutstyr
  • Oppgåver iht alarminstruks
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
  • Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
  • Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
  • Opplæring, utvikling og trening av personell
  • At mannskapet har riktig verneutstyr
  • At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
  • At kommunikasjonsutstyr er i orden
  • At billettering og kontroll vert utført

Kvalifikasjonar

  • Minimum D4
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • Kvalifikasjonsbevis for navigatør på hurtiggåande fartøy
  • Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsforskrifta
  • Krise- og passasjerhandteringskurs
  • Gyldig helseerklæring

Fjord1 dekker manglande hurtigbåtkurs og krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

  • Ansvarleg og sjølvstendig
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Godt humør og serviceinnstilt
  • Evne til å arbeide i team, med gode kommunikasjonsevner
  • Ønskje om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar

Vi tilbyr

  • Ein variert arbeidskvardag i eit toppmoderne og framtidsretta miljø
  • Forutsigbar turnusordning, som kan kombinerast med familieliv og fritid
  • Konkurransedyktig løn etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer
  • Gode velferdsordningar



Adresse:
Strandkaien, Bergen, Norge


Kontaktinformasjon

Selma Førde
Bemanningskoordinator
Telefon:
+47 468 65 635
E-post:
selma.forde@fjord1.no

Om arbeidsgivaren
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!