Find Your Next Job

Er Du Vår Nye Ambulerande Skipsførar?

Posted on May 8, 2025

  • Full Time

Er Du Vår Nye Ambulerande Skipsførar?

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS



Om stillinga

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig stilling som ambulerande skipsførar for ressursgruppen på Nordmøre.

Som ambulerande skipsførar vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy på ulike samband.

Du vil ha fast turnus, men vil tjenestegjere på ulike fartøy etter behov.


Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av.

Ein spennande og variert stilling med mogeligheiter for å få kjennskap til tekniske system, på både toppmoderne, og eldre fartøy.

Du vil bli ein del av eit solid team med dyktige og løysningsorienterte kollega!

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

23.05.2025

Arbeidsgivar:

Fjord1 AS

Stad:

Kristiansund

Stillingstittel:

Ambulerande skipsførar for ressursgruppen Nordmøre

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4967406916

Sosial deling :


Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling
  • Ettersyn på navigasjonsutstyr
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
  • Ta om bord/i land bilar og passasjerar ved behov
  • Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
  • Opplæring, utvikling og trening av personell
  • At mannskapet har riktig verneutstyr
  • At kommunikasjonsutstyr er i orden
  • At billettering og kontroll vert utført
  • At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt

Kvalifikasjonar

  • Minimum D1-sertifikat
  • GMDSS/ROC- sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt og fleksibel

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk sjøoffiserforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av



Adresse:
Kristiansund, Kristiansund, Norge


Kontaktinformasjon

Lise-Beathe Naas
Bemanningskoordinator
Telefon:
+47 93853263

Om arbeidsgivaren

Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!