Find Your Next Job
Fagarbeidar Kokk - Vikariat Hjørundfjordheimen
Posted on March 13, 2025
- Sæbø, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time

Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
30.03.2025
Ørsta kommune
Sæbø
Fagarbeidar kokk
1
Heiltid
Vikar
100
4935520272
12.05.2025
09.03.2026
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk, fordel med erfaring frå institusjon
- Lokal tilknyting er ein fordel
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar og ha evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skrifleg kommunikasjon.
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg at du
- har evne og vilje til å inngå i eit miljø som er levande opptekne av norsk tradisjonskosthald
- er kreativ
- er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
- kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit miljø som er oppteken av norsk tadisjonskost
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Arbeidsvilkår: f.t. dagtid med arbeid kvar 4. helg.
Stillinga er plassert i Hovudtariffavtalen ( HTA) kap. 4GR 1.2 Fagarbeidar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!