Find Your Next Job

Fagarbeidarar/Assistentar

Posted on April 28, 2025

  • Part Time

Fagarbeidarar/Assistentar

Om stillinga

Solevåg skule søker fagarbeidar/assistent for komande skuleår. Stillingan er knytt opp til både skule og SFO. Skulen har om lag 215 elevar frå 1.-7. trinn, og SFO.

Vi har eit godt arbeidsmiljø, flott uteområde og nærleik til fine naturområde.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

11.05.2025

Arbeidsgivar:

Sula kommune

Stad:

Eidsnes

Stillingstittel:

Fagarbeidar/assistent

Heiltid / Deltid:

Deltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

85

Webcruiter-ID:

4954800561

Startdato:

01.08.2025


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Delta i arbeidet med å planlegge, leggje til rette for, koordinere og gjennomføre aktivitetar knytt til klasser/grupper/enkeltelevar i skule og på SFO.
  • Vere en tydeleg rollemodell og rettleie barn i skule og SFO.
  • Følge opp og rettleie barn i leik og aktivitetar i friminutt og uteaktivitetar.
  • Jobbe med barn som har spesielle behov.
  • Ha fokus på positiv merksemd, tydelege grenser og gode rutinar.
  • Arbeid med elevar med stort behov for oppfølging, hjelp og støtte vil vere særleg aktuelt for fleire av stillingane

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller liknande, men anna bakgrunn vil også kunne vere aktuelt.
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskeleg.
  • Grunnleggande IKT-kompetanse
  • Du må beherske norsk språk munnleg og skriftleg
  • For to av stillingane vil det vere særleg relevant at ein er personleg eigna for stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Du likar å vere saman med barn og unge, og likar fysisk aktivitet ute og inne.
  • Du er ein tydeleg vaksen/rollemodell som legg vekt på å bygge gode relasjonar i elevgruppa
  • Du kan jobbe sjølvstendig og ta raske avgjersler.
  • Du er positiv og vektlegg samarbeid.
  • Du er løysingsorientert.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utviklande stilling som fagarbeidar/assistent i skule og SFO.
  • Eit triveleg og inkluderande skole- og arbeidsmiljø.
  • Arbeidsklede
  • Løn etter utdanning og tidlegare arbeidserfaring.



Adresse:
solavågseidet 57, 6037 Eidsnes, Norge


Kontaktinformasjon

Børre Andreas Hagen
Rektor

Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.

Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.


Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!