Find Your Next Job

Helse Fonna

Fagrådgiver Elektro

Posted on Dec. 3, 2024

  • Full Time

Fagrådgiver Elektro

Om stillinga

Vil du vera med å forme Avdeling for Bygg og utvikling i Helse Fonna?

Vi er på utkikk etter ein dedikert og engasjert fagrådgivar innan elektro som vil få oppgåver knytt til prosjektgjennomføring og rådgeving på fag.

Bygg og utvikling er ei nyoppretta avdeling i området Bygg, drift og eiendomsutvikling i Helse Fonna HF. Vi har ansvaret for å gjennomføre dei til einkvar tid vedtekne investerings- og byggeprosjekt samt utviklingsprosjekter. Eininga har ansvarsområde knytt til fire sjukehus samt øvrige lokasjonar, plasserte i Haugesund, Stord, Odda, og Valen. Til saman utgjer bygningsmassen om lag 150 000 kvadratmeter. Med 14 dedikerte og engasjerte tilsette har avdelingen ekspertise innan alle fagfelt relevant for teknisk bygg og eiendom. Avdelinga har hovudsete i nyoppussa areal nær Haugesund sjukehus.


Haugesund sjukehus er under utbygging. Utbygginga av neste fase vil tilføre 10 000 kvadratmeter til eigedomsmassen. I tillegg er det pågåande prosjekt på andre lokasjonar innan Helse Fonna som vil bidra til endringar og utvidingar av eigedomsmassen.

Dette arbeidet er sentralt for å støtte opp under føretaket sitt mål om å tilby gode og trygge helsetenester til befolkninga.

Intervju kan gjennomføras fortløpande i utlysningsperioden.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
18.12.2024
Arbeidsgivar:
Helse Fonna HF
Stad:
HAUGESUND
Stillingstittel:
Fagrådgiver Elektro
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4882409493
Del på X
Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

Fagrådgiver skal rådgi innan sitt fagområde i samband med bygge- og utviklingsprosjekter.

Fagrådgiver skal også bistå prosjektleiar slik at dei vedtekne prosjekta kan gjennomføras i tråd med framdriftsplan, kategori i flytprosess, beslutta nivå på kvalitet og innafor dei gitte økonomiske rammer. Fagrådgjevar skal bistå avdelingsleiar og evt andre der faglege råd er naudsynte. Fagrådgjevar må sikra ein effektivitet på bistanden slik at prosjektas framdrift kan overholdas og må pårekne å kunne være tilknytta fleire prosjekt samstundes.

Ansvarsområder og oppgåver:

  • Strategi og handlingsplanar – kvalitet
  • Prosjektoppfølging
  • Entreprisar
  • Oppfølging av entreprenør og prosjekterande i bygjeperioden
  • Framdriftsstyring
  • Overtaking og innflytting.

Det er utarbeida stillingsbeskrivelse for Fagrådgjevar elektro.

Kvalifikasjonar

  • For oss er det ønskeleg med, Fagbrev gruppe L, Teknisk fagskole, elektro eller Bachelor elektro
  • Relevant erfaring innafor prosjektering/ prosjektleing.
  • Ønskeleg med relevant erfaring som byggherreombod elektro eller tilsvarande
  • Ønskeleg med bakgrunn frå entreprenørmiljø eller rådgevarmiljø.
  • Har erfaring med, og interesse for, relevante prosjekteringsverktøy.
  • Ønskeleg med førerkort kl.B
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Følgjende personlige egenskaper vil bli vektlagd:

  • Du har gode analytiske evner og interesse for fagområdet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert.
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du tilpassar deg lett, er løysningsorientert og fleksibel
  • Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo

Egnethet til stillinga vert vektlagd

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt, nyskapende og utviklende arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Kontorer i nyoppussa lokaler


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.




Adresse: Karmsundgata 120, 5528 HAUGESUND, Norge



Kontaktinformasjon

Harald Lunde
Avdelingsleiar
Telefon: 41336655
E-post: harald.lunde@helse-fonna.no

Om arbeidsgivaren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!