Find Your Next Job
Faste Helgestillingar For Sjukepleiarstudentar
Posted on Feb. 7, 2025
- Bergen, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Part Time

Har du lyst til å jobbe i eit spennande og engasjert fagmiljø i Mottaksklinikken? Vi har ledige faste helgestilingar for sjukepleistudentar.
Utgreiingsmottak 1 har 23 senger og er delt i to team: Team UMO 1 med 17 senger og Team Akuttposten med 6 senger. Dei tilsette er knytta til eit av dei to teama, men vi samarbeider og jobbar på tvers ved behov.
Team UMO 1 greier ut pasientar med uklare og samansette sjukdomsbilete tilhøyrande alle kliniske avdelingar. Pasientane blir triagert i Akuttmottak og deretter overført til Utgreiingsmottak for journalopptak. Liggetida er inntil 3 døgn. Her blir pasientane tatt i mot av eit tverrfagleg team beståande av legar, sjukepleiarar og andre helsefagarbeidarar. Eit av måla for Mottaksklinikken er at pasienten skal få rett diagnose så raskt som mogleg og komme til rett behandling på rett stad. Team Akuttposten tar imot pasientar som treng medisinsk overvaking og behandling etter inntak av rusmiddel, eller ved behandlingskrevande abstinens. Vi har ein individtilpassa tilnærming, og er opptatt av å ikkje oversjå somatiske årsaker til pasientens tilstand. Gjennomsnittleg opphaldstid er ca. 24 timer (maks.48 timer).
23.02.2025
Helse Bergen
Bergen
Faste helgestillingar for sjukepleiarstudentar
5
Deltid
Fast
15
4918758180
Arbeidsoppgåver
- Pleie og behandling til pasientar
- Kontinuitet i observasjon blir særs viktig i denne eininga og du skal følge opp pasientane og delta i utgreiing
- Andre oppgåver i samband med drift av posten
Kvalifikasjonar
- Studentar med relevant helsefagleg utdanning, må ha pleieerfaring
- Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg svært godt, tilsvarande Bergens testen, og du har god munnleg engelsk kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du er punktleg og påliteleg
- Du trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig og ta rette avgjerder
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du må både kunne vere «drivande» og audmjuk
- Du er god til å se kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- God opplæring
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!