Find Your Next Job
Ferievikarar - Kommunalteknikk/Park Og Grøntareal
Posted on March 4, 2025
- Ørsta, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time

Ørsta kommune
Vi søkjer etter ferievikarar for perioden mai – august 2025 i teknisk drift og kommunalteknikk/park og grøntareal.
Vi ber deg skrive i søknaden kva arbeidsoppgåver/arbeidsstad du ønskjer og kva periode mellom veke 19 og 35 du kan arbeide.
Søkjarar som kan arbeide samanhengande i perioden vert prioriterte.
20.03.2025
Ørsta kommune
Ørsta
Ferievikarar og ekstrahjelp
4
Heiltid
Sommarjobb
100
4927795088
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av parkar og grøntområde, kyrkjegardar og langs kommunale vegar
-
Drift av areal rundt bygg, innanfor vatn og avløp
Kvalifikasjonar
- Det er ein fordel om du har førarkort kl. B og gjerne BE
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Du må kunne arbeide sjølvstendig
- Du må ha gode evner til samarbeid
- Du er ansvarsbevisst, fleksibel og har ordenssans
-
Du er engasjert og løysingsorientert
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag og eit godt kollegium, møte mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet.
Om du ikkje bur i Ørsta, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål.
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Etter utgangen av søknadsfristen vert innkomne søknader handsama og tilsetting gjort fortløpande.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf.AML §14.2
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!