Find Your Next Job

Ferievikarar - Vedlikehald Bygg

Posted on April 24, 2025

  • Part Time

Ferievikarar - Vedlikehald Bygg

Stad kommune søkjer etter to ferievikarar til vedlikehald av bygg i perioden juni til august sommaren 2025.

Arbeidet er på kommunale bygg, samt knytt til offentleg sommarbading i Eid idrettshus.

På grunn av arbeid knytt til sommarbading ynskjer vi å tilsette ein av kvart kjønn.

Dersom du kan arbeide litt før eller etter den fastsette perioden må du opplyse om dette i søknaden.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

11.05.2025

Arbeidsgivar:

Stad kommune

Stillingstittel:

Ferievikarar - vedlikehald bygg

Stillingar:

2

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Sommarjobb

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4958601736


Arbeidsoppgåver

  • Vedlikehald av kommunale bygg som til dømes maling , utvendig/innvendig
  • Offentleg badevakt på sommaropen symjehall
  • Andre oppgåver som naturleg ligg til vedlikehald av kommunale bygg

Kvalifikasjonar

  • Du bør vere fylt 18 år
  • Erfaring med livredding og symjing
  • Ynskjeleg med sertifikat for bil, klasse B
  • Gjerne disponere bil

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig og pliktoppfyllande
  • Flink til å sjå kva som må gjerast
  • Evne til både å jobbe sjølvstendig og saman med andre
  • Gjerne erfaring frå liknande arbeid
  • Likar praktisk arbeid ute

Vi tilbyr

  • Ein kjekk feriejobb med variert arbeidsdag
  • Du får ansvar og god erfaring du kan ta med deg vidare i arbeidslivet
  • God opplæring frå kjekke og flinke medarbeidarar
  • Løn etter tariff


Adresse:
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, Norge

Kontaktinformasjon

Tore Nyhammer-Taklo
einingsleiar eigedom
Telefon:
90 19 48 37
E-post:
tore.nyhammer-taklo@stad.kommune.no

Om arbeidsgivaren

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!

Similar Jobs


Ørsta kommune Ørsta kommune

Ferievikarar - Kommunalteknikk/Park Og Grøntareal

Ferievikarar - Kommunalteknikk/park og grøntareal Ørsta kommune (i ny fane) Om stil…

Full Time | Ørsta, Norway

Apply 1 month, 3 weeks ago