Find Your Next Job

Stryn kommune

Ferievikariat Område Vikane 2025

Posted on Nov. 26, 2024

  • Innvik, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Part Time

Ferievikariat Område Vikane 2025
Ferievikariat område Vikane 2025

Stryn Kommune

(i ny fane)


Om stillinga

Det vert lyst etter ferievikarar for sommaren 2025.

Ferievikariata er knytt til institusjon, heimesjukepleie, reinhald og kjøkken

God opplæring vert gjeve. Du treng ikkje å ha arbeidd i tenestene tidlegare for å ta ferievikariat her hjå oss.

Arbeidsperiode: 16.06.25 - 10.08.25

Bonus: Du treng ikkje å arbeide heile perioden, men det vert utbetalt bonus om du arbeider samanhengande i 6 veker


Tilsetting vert gjort fortløpande etterkvart som søknadane kjem inn.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

31.01.2025

Arbeidsgivar:

Stryn Kommune

Stad:

Innvik

Stillingstittel:

Ferievikariat område Vikane 2025

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Sommarjobb

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4888292427

Sosial deling :
Del på X

Del på LinkedIn
Del på Facebook
Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Pleie- og omsorgstenester
  • Reinhald
  • Kjøkkenteneste
  • Heimesjukepleie

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiaroppgåver - studentar og helsefagarbeidarar kan søkje
  • Helsefagoppgåver - ufaglært kan søkje
  • Reinhald - ufaglært kan søkje
  • Kjøkkenarbeid - ufaglært kan søkje
  • Heimesjukepleie - studentar og helsefagarbeidarar kan søkje

Vi tilbyr

  • Tilsetting etter gjeldande lover, tariff og reglement
  • Grunnløn etter tariff
  • Tillegg for arbeid kveld, natt og helg, 56 - 140 kr/time
  • Bonus kr. 6.000,- for arbeid samanhengande i 6 veker
  • Er du student med relevant studie, er du garantert ei timeløn på kr. 236,89/time + evt. tillegg


Adresse:
Dragesetvegen 50, 6793 Innvik, Norge
Opne vegbeskriving
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Kari-Anne Tisthamar Haveland
Einingsleiar
Telefon:
99416110

Om arbeidsgivaren

Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.

Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.

Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!