Find Your Next Job

Forskar Ved Senter For Alders- Og Sykehjemsmedisin

Posted on Feb. 21, 2025

  • Bergen, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Full Time

Forskar Ved Senter For Alders- Og Sykehjemsmedisin

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Forskar

Ved Det medisinske fakultetet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling på heiltid (100 %) som forskar, for ein periode på tre (3) år. Stillinga er ein del av det banebrytande ERC Konsolidator-prosjektet ”Decoding Death and Dying in People with Dementia by Digital thanotyping (5-D)”, og er finansiert 50 % av European Research Council (ERC) og 50 % av Helsedirektoratet.

5-D-prosjektet skal utvikla metodar og digitale verktøy for å identifisera at ein person med demens som er på slutten av livet, med sikte på å forstå underliggjande smerte og plagsame symptom hos menneske som ikkje lenger er i stand til å forklara lidinga si. Prosjektet vil kombinera tradisjonelle vurderingsskalaer med sensorbaserte målingar, med nye analysar basert på signalbehandling og kunstig intelligens.

5-D er ein del av ein innovativ, aktiv og tverrfagleg forskingsgruppe: Senter for eldre- og sjukeheimsmedisin (SEFAS), som har fleire pågåande studiar der sensordata frå smarttilbehøyr og radarinstallasjon blir brukt til å overvaka symptom, intervensjonseffektar , og sjukdomsforløp hos eldre vaksne og personar med nevrologiske sjukdommar som demens og Parkinsons sjukdom. Professor Bettina S. Husebø er leiar for SEFAS. Senteret har cirka 15 tilsette, og eit stort nettverk både nasjonalt og internasjonalt. SEFAS er partnar for Alrek Health Cluster, Årstadveien, Bergen, og er støtta av Trond Mohn Foundation relatert til komplekse tilstandar og aldring (CC.AGE).


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Forskaren skal administrera den kvantitative dataanalysen ved hjelp av avanserte teknikkar som signalbehandling, modellering, dynamiske system og/eller kunstig intelligens, og vil utvikla dynamiske og kunnskapsdrivne intelligente modellar
  • Forskaren vil delta aktivt i rettleiingsprosessen av Ph.d.-studentar som hovud- eller biveileder.
  • Forskaren skal leia utforminga av nye utfallsmål for smerte og åtferdsmessige og psykologiske symptom ved demens.
  • Forskaren skal bidra til gjennomføringa av studien saman med eit tverrfagleg team av klinikarar, forskarar, ingeniørar, doktorgradsstudentar, statistikarar og brukarrepresentantar.
  • Forskaren vil bli aktivt inkludert i SEFAS' nasjonale og internasjonale samarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • Den som lykkast må ha kvalifikasjonar innan systemteknikk med spesialisering i intelligente systemar. (Ph.d.-grad)
  • Erfaring med forsking på sluttperioden i livet ved demens er høyt vektlagt og er en stor fordel.
  • Søkjaren må ha god kunnskap om og erfaring med algoritmar, numeriske metodar, signalbehandling og dynamisk systemmodellering
  • Erfaring frå eller formell opplæring innan analyse og behandling av store datasett, signalbehandling er obligatorisk (relevante rammeverk: Matlab)
  • Søkjaren må ha erfaring med undervisning, skriving av manuskript og stipendsøknader (tildelt midlar vellykka)
  • Personlege ferdigheiter, inkludert evner til å arbeida sjølvstendig og samarbeida i ei forskingsgruppe vil bli evaluert
  • Søkjaren må vera motivert og ansvarsmedvite, og i tillegg ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • Kandidaten må vera flytande i skriftleg og munnleg engelsk
  • Norskkunnskapar er ein føresetnad
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid er ein føresetnad
  • Stillinga har oppstart 01. juni 2025

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan eldremedisin
  • Løn for tida kr 635 400 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 657 300, brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
  • Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Bettina Husebø, på epost: bettina.husebo@uib.no eller på telefon: +47 55586735

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter.

Spørsmål om stillinga

Bettina Husebø

Professor

+47 55586735

bettina.husebo@uib.no


Søknadsfrist

14. mars 2025

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Heiltid

Varigheit

Fast

Arbeidsstad

Årstadveien 17, 5018 Bergen

    Ledige stillingar - Universitetet i Bergen


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!

Similar Jobs


Universitetet i Bergen Universitetet i Bergen

Postdoktor (3 År)

Kunnskap som formar samfunnet Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt o…

Full Time | Bergen, Norway

Apply 17 hours, 52 minutes ago

Universitetet i Bergen Universitetet i Bergen

Stipendiat Ved Senter For Alders- Og Sykehjemsmedisin (Sefas)

UiB - Kunnskap som formar samfunnet Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjo…

Full Time | Bergen, Norway

Apply 3 weeks, 2 days ago