Find Your Next Job
Helsefagarbeidar Ved Skodje Omsorgssenter
Posted on May 2, 2025
- Skodje, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time

Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Skodje omsorgssenter har ledig helsefagarbeiderstilling
100 % - Arbeid i todelt turnus dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg.
Skodje omsorgssenter har 27 sjukeheimsplasser fordelt på fire avdelingar. Ei avdeling for personar med demens, tre somatiske avdelingar med langtidsplassar, kortidsplassar og avlastning.
Skodje omsorgssenter har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle fagkompetansen din hos oss.
Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping like i nærheita, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Skodje har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, kor osv.
Ved evt. intern tilsetting kan andre stillingsprosenter bli ledige.
28.05.2025
Ålesund kommune
Skodje
Helsefagarbeidar ved Skodje omsorgssenter
1
Heiltid
Fast
100
4962772937
Arbeidsoppgåver
- Sikre at bebuar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer.
- Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen).
- Legemiddelhandtering.
- Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar.
- Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar.
- Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som Helsefagarbeider (eventuelt fagbrev som hjelpepleier og omsorgsarbeider)
- Relevant erfaring er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
- Beherske IKT-verktøy
- Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
- Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
- Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen mm)
Personlege eigenskapar
- Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på bebuaren/pasienten
- Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
- Sjølvstendig og samarbeidsorientert
- Ein god kollega som bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Mulighet for fagleg og personleg utvikling.
- Løn og arbeidsvilkår etter Ålesund kommune sitt lønnsregulativ KLP pensjonsordning - Gode pensjonsordning, bustadlånsordning og ulykkes- og gruppelivsforsikring
Kontaktinformasjon
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!