Find Your Next Job

Internutlysing Pedagogisk Leiar I Sæbø Barnehage

Posted on April 1, 2025

  • Sæbø, Norway
  • No Salary information.
  • Full Time

Internutlysing Pedagogisk Leiar I Sæbø Barnehage
INTERNUTLYSING Pedagogisk leiar i Sæbø barnehage

Ørsta kommune

(i ny fane)


Om stillinga

Vi har ledig ei 100% fast stilling som pedagogisk leiar i Sæbø barnehage frå 01.08.2025.

Barnehagen ligg flott til på Sæbø, mellom skog, fjell og fjord. Det er ein av kommunen sine 6 kommunale barnehagar (frå 01.08.25) og har born i alderen 0-6 år. Her har vi naturen rett utanfor gjerdet. Dette gir oss rom for eit mangfald av opplevingar, til alle årstider. Vi prioriterer difor mykje tid på å vere ute og utforske naturen. Barnehagen sin visjon er at borna skal kjenne at dei høyrer til i Hjørundfjorden, og vere stolte av å kome herifrå.

Dei som kan søkje på denne stillinga er faste tilsette barnehagelærarar i Sæbø barnehage.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

16.04.2025

Arbeidsgivar:

Ørsta kommune

Stad:

Sæbø

Stillingstittel:

Internutlysing: Pedagogisk leiar i Sæbø barnehage

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4947596716

Startdato:

01.08.2025

Del på X

Del på LinkedIn
Del på Facebook
Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Som pedagogisk leiar er du ein del av barnehagen sitt leiarteam.
  • Ansvar for dagleg drift av barnehagen
  • Rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
  • Planlegging- og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar i barnehagen
  • Arbeide for eit godt samarbeid mellom born, tilsette og føresette

Kvalifikasjonar

  • Godkjent barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
  • Gyldig politiattest etter Barnehagelova §30 må leverast før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Du har høg relasjonskompetanse
  • Du er god på å inspirere, engasjere og rettleie medarbeidarar
  • Du er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
  • Du bidreg til utviklinga av eit inkluderande og raust arbeidsmiljø
  • Du er ein god rollemodell og ein trygg og tydleg vaksenperson
  • Du deltek aktivt i lag med borna, både inne og ute
  • Du kan arbeide sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeide i team
  • Du er løysningsorientert, strukturert og fleksibel

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Ein spanande, variert og meningsfylt arbeidskvardag der borna si utvikling står i sentrum
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP


Ørsta kommune arbeider for å utvikle ein aktiv heiltidskultur og ynskjer så mange som mogleg tilsette i heiltidsstillingar. Fordelane ved flest mogleg tilsette i heile stillingar er store, først og fremst for borna i barnehagane våre, men også for den tilsette sjølv, arbeidsmiljøet og for arbeidsgjevar. Vi vil difor så langt som råd legge til rette for at ein blir tilsett i heile stillingar.

Stillingane er plassert i kap. 4 gr. 2.

Stillingskode 7637 - Pedagogisk leiar

Referansar vert nytta, og søkjarane kan verte kalla inn til gruppeintervju og individuelle intervju.

Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.

Prøvetid i faste stillingar og årsvikariat er 6 månader.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.


Dokumentasjon

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2

Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.



Adresse:
Skuleplassen 7, 6165 Sæbø, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Astrid Benedikte Farstad
Styrar
Telefon:
46 80 14 95
E-post:
sabo@orstabarnehagen.no

Om arbeidsgivaren
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!