Find Your Next Job
Jurist (Rådgjevar) Ved Det Juridiske Fakultet
Posted on Dec. 7, 2024
- Bergen, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Jurist (rådgjevar)
Er du ein samfunnsengasjert jurist med interesse for høgre utdanning og forvaltningsrett?
Bli ein del av vårt tverrfagleg miljø som jobbar for å utdanne framtidas juristar. Vi tilbyr eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter.
Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei fast 100 % stilling som jurist (rådgjevar).
Som ein av to juristar i studieseksjonen vil du vere ein nøkkelperson i saksbehandling av studiesaker, førebu saker til klagenemnda, rettleie studentar og bidra i vidareutvikling av regelverk og rutinar.
Studieseksjonen legg til rette for eit godt studieløp for studentane og bidrar til å ivareta fakultetet sitt samfunnsoppdrag. Vi er stolte av studiet fakultetet tilbyr, og masterprogrammet i rettsvitskap har vunne fleire prisar. Som ledd i det kontinuerlege kvalitetsarbeidet implementerte vi ny studieordning i 2021, og prosessen held fram ut vårsemesteret 2026.
Arbeidsoppgåver
Døme på oppgåver:
- Fatte enkeltvedtak i ei rekke ulike typar studiesaker
- Rettleie studentar og følgje opp studentar med behov for tilrettelegging
- Førebu og skrive klagesaker
- Gjere utgreiingar sjølvstendig og i team
- Skrive saksframstillingar til utval og styret ved fakultetet
- Bidra i arbeidet med å stadig utvikle studieordninga for masterprogramma i rettsvitskap
- Rettleie kollegaer i deira saksbehandling og gi dei juridisk støtte
I dei daglege oppgåvene inngår tolking av regelverk, utforming av nye reglar, juridisk kvalitetssikring av enkeltsaker samt generell saksbehandling.
Du vil bidra i utvikling av studentane sitt læringsmiljø.I samarbeid med dyktige kollegaer har du ei viktig rolle i arbeidet med å vidareutvikle utdanningsverksemda og å forbetre og effektivisere interne prosessar og rutinar.
Du vil også ha kontakt med juristar og andre som arbeider med studiesaker og tilgrensande rettsområde andre stader ved UiB og nasjonalt.
Alle tilsette i administrasjonen vil, i tillegg til spesifikke funksjonar lagt til kvar stilling, måtte ta del i andre administrative oppgåver.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Master i rettsvitskap
- God generell juridisk vurderingsevne og god rettsleg forståing
- Relevant erfaring er ein føremon
- God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk (begge målformer) og engelsk
- Generelt god IT-kompetanse
- Ansvarsbevisst, effektiv, fleksibel og god gjennomføringsevne
- Evne til å arbeide sjølvstendig, prioritere mellom oppgåver og trivst med å halde orden på parallelle arbeidsprosessar og mange aktivitetar samstundes
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evne til å motivere både deg sjølv og andre, og bidra til det faglege og sosiale fellesskapet
Relevant praksis og personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.
Vi kan tilby
- Sjølvstendig ansvar og gode moglegheiter for utvikling
- Hyggelege, engasjerte og dyktige kollegaer i eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida
- Lån-, pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse
- Stillingskategori som rådgjevar 1434
- Løn kr.584 000 –667 700 per år før skatt avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
Generell informasjon:
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta i starten av veke 2, og vi planlegg å gjennomføre førstegangsintervju i løpet av veke 2.
Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å vende deg tilassisterande fakultetsdirektør og leiar for studieseksjonen Christine Stoltz Olsvik, tlf. 911 47 401, e-post: christine.olsvik@uib.no
Velkommen som søkjar!
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka ””.
Nærare informasjon om tilsettingsprosessen finn du her.
Søknadsfrist 05.01.2025
Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det juridiske fakultet -
Søknadsfrist
5. januar 2025
Arbeidsgivar
Universitetet i Bergen
Kommune
Omfang
Heiltid
Varigheit
Fast
Arbeidsstad
Ledige stillingar - Universitetet i Bergen
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!