Find Your Next Job
Kjøkenansvarleg
Posted on Feb. 18, 2025
- Øystese, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Part Time

(i ny fane)
Om stillinga
Me har ledig to stillingar til vårt hovudkjøken på Øysteseheimen. Stillingane skal dela på ansvaret for kjøken og arbeid knytt til mat og måltid.
Ei av stillingane vil ha hovudansvar, og utgjer ca 75%. Den andre stillinga utgjer ca 30%. I søknaden må du oppgje kva stilling du søkjer.
Begge stillingane skal kombinerast med helgearbeid, enten innan pleie eller som matvert. Total stillingsprosent vil derfor kunne diskuterast med leiar.
Nøkkelinformasjon
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for drift av hovudkjøken
- Bestilling av matvarer/ middag
- Tillaging av måltider
- Planlegging av måltider på kort og lang sikt
- Samarbeid med teamleiarar om pasienten sitt behov når det gjeld ernæring
-
Samarbeid med leiar kring tilsette i kjøken og matvertar
- Faglege møte med tilsette på kjøken og matvertar
-
Opplæring av nytilsette på kjøken og matvertar
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå institusjonskjøken er ein fordel
- Evne til å ta ansvar og å jobba sjølvstendig
- Du må kunne jobba strukturert og målretta
- Evne til å samarbeide tett med leiarar og tilsette
- Evne til å driva opplæring og faglege møte
Personlege eigenskapar
- Kunne møta pasientar og pårørande på ein god måte
- Serviceinnstilt og engasjert
-
Fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Adresse: Skårdalsvegen 20, 5610 Øystese, Norge
Kontaktinformasjon
Om arbeidsgivaren
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger!
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!