Find Your Next Job

Klinisk Ernæringsfysiolog

Posted on March 25, 2025

  • Full Time

Klinisk Ernæringsfysiolog

(i ny fane)


Om stillinga

Er du klinisk ernæringsfysiolog og ønskjer å jobba i kommunesektoren?

Kvam herad lyser ut eit vikariat som klinisk ernæringsfysiolog frå 01.08.25 til 31.07.26. Stillinga er ein del av det interkommunale samarbeidet i Voss lokalsjukehusområde, som omfattar kommunane Kvam, Voss, Vaksdal, Eidfjord og Ulvik. Det er to klinisk ernæringsfysiologar i faste stillingar i regionen, og den utlyste stillinga er eit vikariat for ein av dei. Kvam herad er arbeidsgjevar, med helse og omsorgssjef som næraste leiar.

Som klinisk ernæringsfysiolog i regionen vert du sentral i det systematiske arbeidet som gjeld førebygging og behandling av ernæringsrelaterte tilstandar og sjukdomar. Klinisk ernæringsfysiolog vert ein viktig samarbeidspart i tverrfaglege team, både når det gjeld pasient- og pårørandeopplæring og pasientbehandling. Arbeidsoppgåver vil inkludera undervisning for og rettleiing av andre faggrupper i kommunane, i tillegg til fagutviklingsarbeid. Hovudmålgruppe for arbeidet kan variere med tid og mellom kommunane.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
07.04.2025
Arbeidsgivar:
Kvam herad
Stad:
Norheimsund
Stillingstittel:
Klinisk ernæringsfysiolog
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Vikar
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4940324626
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåver kan vera

  • Bidra til å setja ernæring på dagsorden
  • Legga til rette for å implementera systematisk ernæringsarbeid i kommunane
  • Bidra til å auka ernæringsfagleg kompetanse i kommunane
  • Tverrfagleg samarbeid i både kommunesektoren og andre sektorar
  • Leia og drifta kommunane sine ernæringsnettverk
  • Saksutgreiingar til politisk nivå
  • Delta i og leia prosjektarbeid
  • Ta initiativ til og bidra i søknadar på aktuelle tilskotsordningar

Stillingane inneber noko reising mellom kommunane i det interkommunale samarbeidet.

Kvalifikasjonar

  • Klinisk ernæringsfysiolog med norsk autorisasjon
  • Det er ønskjeleg med minimum 2 års relevant erfaring
  • Evne og lyst til å samarbeida på tvers av fagområde
  • Prosjekterfaring og høg grad av gjennomføringskraft
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Førarkort klasse B

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som har:

  • Evne til å arbeida sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Evne til å arbeida analytisk og systematisk
  • Stor arbeidskapasitet, er fleksibel og motivert til fagleg utvikling
  • Evne og interesse for kontinuerleg vidareutvikling av tenesta i nært samarbeid med leiinga, brukarar, pårørande og medarbeidarar
  • Evne til å samarbeide tett med andre både praksisnært og gjennom fysisk distanse
  • Gode kommunikasjons- og presentasjonsferdigheiter
  • God evne til å forstå system og struktur, samt evne til individuell tilnærming

Vi tilbyr

  • Godt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar og leiarar
  • Spennande arbeidsfelt med varierte arbeidsoppgåver i ei framtidsretta teneste
  • Høve til å utforma eigen arbeidsdag
  • Lønn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar


Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.



Adresse: Grovagjelet, 5600 Norheimsund, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Linn Kristin Øyri
Klinisk ernæringsfysiolog
Telefon: 989 04 708
Terje Langeland
Helse og omsorgssjef
Telefon: +47 975 64 258

Om arbeidsgivaren

Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger!


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!

Similar Jobs


St. Olavs Hospital St. Olavs Hospital

Klinisk Ernæringsfysiolog Ved Kreftklinikken

Klinisk ernæringsfysiolog ved Kreftklinikken St. Olavs hospital Om stillingen Kreftklinikken…

Full Time | Trondheim, Norway

Apply 1 month, 2 weeks ago

UNIVERSITETSSYKEHUSET NORD-NORGE UNIVERSITETSSYKEHUSET NORD-NORGE

Klinisk Ernæringsfysiolog

Om stillingen Utlysning gjelder vikariat i 100% stilling som klinisk ernæringsfysiolog ved UN…

Full Time | Tromsø, Norway

Apply 2 months, 2 weeks ago