Find Your Next Job

Kokk / Kjøkkenassistent

Posted on Feb. 11, 2025

  • Part Time

Kokk / Kjøkkenassistent

Produksjonskjøkkenet ved Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter har frå 01.05.2025 ledig fast 33% stilling for kokk/kjøkkenassistent. Stillinga har arbeid på dagtid kvar torsdag og kvar tredje helg. Som tilsett på kjøkkenet vert du ein del av eit team med 5 kokkar. Kjøkkenet har fokus på å levere varierte og næringsrike måltid til bebuarar og heimebuande. Dei driftar kantine for tilsette ved Alvheaugen bu- og rehabiliteringssenter og produserer lunsj til kommunale kurs og møter.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

25.02.2025

Arbeidsgivar:

Helse- og omsorgsetaten

Stad:

ULSTEINVIK

Stillingstittel:

Kokk / kjøkkenassistent

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Deltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

33

Webcruiter-ID:

4918522632

Arbeidsoppgåver

Som tilsett ved kjøkkenet vil du ha varierte oppgåver som:

  • produksjon av frukost, lunsj og middag
  • pakking av middag til heimebuande
  • mottak av varer
  • pakking og levering av varer til postkjøkken
  • reinhald av kjøkken
  • anna arbeid som inngår i stillinga

Kvalifikasjonar

  • du har erfaring med kokkefaget, og produksjon på storkjøkken

  • du har gode norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • du likar å arbeide med produksjon og tilbereding av måltid
  • du kan jobbe sjølvstendig og i team
  • du er imøtekomande og har gode samarbeidsevner
  • du er fleksibel og løysingsorientert
  • du er positiv og engasjert i jobben, og er med på å skape trivsel på arbeidsplassen

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver
  • eit godt og fagleg arbeidsmiljø

- regulerte lønns- og avtalevilkår

- gode pensjons- og forsikringsvilkår

  • god opplæring til deg som er ny


Adresse:
Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter, 6065 ULSTEINVIK, Norge

Kontaktinformasjon

Gunn Helen Hauge Muren
Einingsleiar 4
Telefon:
+47 98230615

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!

Similar Jobs


Sykehuset i Vestfold HF Sykehuset i Vestfold HF

Kokk/Kjøkkenassistent

Forsyningsavdelingen Sykehuset i Vestfold HF Om stillingen Servicedivisjonen leverer interne tjene…

Part Time | Tønsberg, Norway

Apply 1 week ago

Sykehuset i Vestfold HF Sykehuset i Vestfold HF

Kokk/Kjøkkenassistent

Kjøkkenseksjon, nord, Sykehuset i Vestfold HF Om stillingen Er du faglig nysgjerrig, servic…

Full Time | Tønsberg, Norway

Apply 1 week ago

Meløy kommune Meløy kommune

Sommervikarer Ved Vall Sykehjem

Om stillingen ER DU KLAR FOR NYE EVENTYR I NORD? Vall sykehjem ligger i søndre del av Meløy kommu…

Full Time | Ørnes, Norway

Apply 1 week, 2 days ago