Find Your Next Job

Kommunikasjonsmedarbeidar

Posted on March 27, 2025

  • Bergen, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Part Time

Kommunikasjonsmedarbeidar

Om stillinga

Helse Bergen har fått i oppdrag frå Helse Vest, på vegne av dei regionale helseføretaka, å leie eit nasjonalt arbeid med å sikre forsyningstryggleik av blod og blodprodukt i Noreg. Det er difor etablert eit koordineringssenter for blodberedskap. Sentrale oppgåver for senteret er å vere eit interregionalt militært-sivilt samhandlingspunkt, etablere kurs og rutinar for sivil-militær blodberedskap, drive rådgjeving rundt utarbeiding av beredskapsplanar, logistikk, retningslinjer og prosedyrar, utvikling av blodprodukt, med meir. Senteret rapporterer til det nasjonale fagdirektørmøtet med årsplan og årsrapport.

Vi søker etter ein medarbeidar som skal ivareta kommunikasjonsoppgåver i senteret. Det er ein spennande nyoppretta prosjektstilling, og du får vere med å utforme arbeidsdagen din. Stillinga lysast ut for eitt år. Stillinga vil innebere samarbeid med helseføretak i heile landet samt med militære fagmyndigheiter. Senteret samarbeider med internasjonale partnarar i Norden og andre land. Kommunikasjonsmedarbeidar vil arbeide tett med senterleiar. Ein må pårekne noko reiseaktivitet. Stillinga høyrer organisatorisk til Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Laboratorieklinikken.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

13.04.2025

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stad:

Bergen

Stillingstittel:

Kommunikasjonsmedarbeidar

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Engasjement

Stillingsprosent:

100

Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Informasjons- og kommunikasjonsarbeid både internt og eksternt knytt til senteret sin aktivitet
  • Utvikle kommunikasjonsplan og oversikt over kommunikasjonsaktiviteter i senteret
  • Utarbeide informasjonsmateriale om senterets arbeide retta mot aktuelle målgrupper
  • Utarbeide opplæringsmateriale (skriftleg materiale, e-læringskurs og instruksjonsvideoar) til bruk i senterets kursverksemd og prosjekt
  • Utarbeide innhald og vedlikehalde senterets nettside og sosiale medium
  • Delta i senterets kursverksemd

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå kommunikasjonsarbeid er ein føresetnad
  • Kompetanse i informasjonsarbeid og kunnskapsformidling retta mot ulike målgrupper er ein føresetnad
  • Kompetanse i utvikling av ulike former for informasjons- og opplæringsmateriale inkludert produksjon av instruksjonsvideoar vil bli vektlagt
  • Kompetanse på bruk av ulike typer produksjonsutstyr og kommunikasjonsplattformer vil bli vektlagt
  • Kompetanse i valg og bruk av ulike format for kommunikasjon vil bli vektlagt
  • Erfaring med utvikling av nettsider og bruk av sosiale medium er ein fordel
  • Helsefagleg bakgrunn er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dine medarbeidarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og er resultatorientert
  • Du arbeider sjølvstendig og tar initiativ
  • Du har gode kommunikasjonsevner og arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
  • Du viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • Personlege eigenskapat vil vektleggjast

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Eit aktivt og triveleg miljø
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.




Adresse:
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Torunn Oveland Apelseth
Seksjonsoverlege
Telefon:
94842045
E-post:
ovto@ihelse.net

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!