Find Your Next Job
Lærar 100 % Fast Stilling
Posted on April 7, 2025
- Slidre, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time

Om stillinga
Vestre Slidre skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med omlag 190 elevar. Sentrale pedagogiske satsingsområder er skule-heim samarbeid, inkluderande skulemiljø og skriving/lesing i fag.
Vestre Slidre skule ynskjer lærarar som bidreg til inkluderande og motiverande opplæring. Gode relasjonar til elevane er avgjerande for godt læringsmiljø og gode resultat. Ved Vestre Slidre skule er vi opptekne av det profesjonsfaglege fellesskapet og ynskjer lærarar som saman vil vera med å utvikle skulen.
Vestre Slidre skule søker etter lærar til småsteget frå og med 01.08.2025
Nøkkelinformasjon
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere god, inkluderande undervisning
- Skape eit trygt og godt skulemiljø
- Arbeide strukturert med god og tydeleg klasseleiing
- Bidra til eit godt samarbeid på team
- Legge til rette for eit godt skule-heim samarbeid
- Delta aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og profesjonsfellesskap
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som grunnskulelærar (GLU 1-7), allmennlærar eller barnehagelærar med videreutdanning som gjer deg kvalifisert til å undervise på 1-4.trinn, til dømes 30 studiepoeng i norsk og i matematikk
- Anna relevant utdanning kan bli vurdert
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med byrjaropplæring
- Gode kunnskapar både fagleg og didaktisk
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse
Gyldig politiattest må framvisast før tiltreding, jf opplæringslova § 17-11
Personlege eigenskapar
- Du er ein tydelig, strukturert, varm og trygg klasseleiar
- Har evne til å skape gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
- Du er oppteken av elevane si læring og deira læringsmiljø
- Du kan vera kontaktlærar
- Du er lojal og sjølvstendig, og du likar å samarbeide i team
- Du har stor arbeidskapasitet og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Det at ein er personleg eigna vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig lokalt kontaktlærartillegg
- Godt arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver
- Gode, kompetente kollegaer
- Ein utviklingsorientert skule
- Veiledning til nyutdanna lærarar
- God pensjonsordning i SPK
- Løn etter avtale og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Adresse: Slidrevegen 17, 2966 Slidre, Norge
Kontaktinformasjon
Om arbeidsgivaren
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noTailor Your Resume for this Job
Share with Friends!
Similar Jobs
Bergen Kommune
Lærar / Lærer
Om stillingen Vi har ledig 4 faste 100% lærarstillingar, og inntil 3 stk 100% lærarvika…
Full Time | Bergen, Norway
Apply 2 weeks, 3 days ago
Ålesund kommune
Barnehagelærar 100% Fast Stilling
Barnehagelærar 100% fast stilling Stette barnehage, Ålesund kommune, Barnehagar Å…
Full Time | Skodje, Norway
Apply 3 weeks, 4 days ago