Find Your Next Job
Lærar
Posted on Jan. 20, 2025
- Eidsnes, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time

Solevåg skule søker 1-2 lærarar i vikariat i inntil 100% stilling frå snarast. Vikariata strekk seg ut skuleåret 2024/2025.
Vi har eit godt lærings- og arbeidsmiljø, flott uteområde og nærleik til flotte naturområde. Skulen har om lag 200 elevar frå 1.-7. trinn, og SFO. Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt verktøy.
Foto: Dagrunn L Sæhaug
31.01.2025
Sula kommune
Eidsnes
Lærar
Heiltid
Vikar
100
4907768564
03.02.2025
30.06.2025
Arbeidsoppgåver
Undervisning i mindre grupper/spesialundervisning kan verte aktuelt
Kontaktlærarfunksjon må kunne påreknast for ei av stillingane
Delta og forplikte deg i pedagogisk utviklingsarbeid i vårt profesjonsfellesskap, på trinn og i kollegiet generelt.
Heim/skule-samarbeid og eksternt samarbeid
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer hovudsakleg søkarar med pedagogisk utdanning godkjend for grunnskulen, men anna relevant bakgrunn kan også vere aktuell.
Det er krav til gyldig politiattest for denne stillinga.Personlege eigenskapar
Du er lojal mot arbeidsgivar, viser engasjement og har stor kapasitet.
Du er god til å samarbeide, dele og reflektere i eit læringsfellesskap.
Du legg innsats i og ser verdien av eit godt heim-skule-samarbeid.
Du er positiv og bidreg sosialt både inn mot elevar og kollegaer.
Du er oppteken av elevane si faglege og sosiale læring og utvikling.
Du er fleksibel og villig til å omstille deg når det er behov for det.
Vi tilbyr
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
God opplæring og innføring som nytilsett på arbeidsplassen.
Gratis parkering
Lønn etter gjeldande tariff.
Kontaktinformasjon
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!