Find Your Next Job
Lærar / Lærer
Posted on March 29, 2025
- Bergen, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time

Vi har ledig 4 faste 100% lærarstillingar, og inntil 3 stk 100% lærarvikariat for skuleåret 2025-26.
Ådnamarka skule er ein barneskule i Arna bydel med om lag 330 elevar. Skulen ligg på Arnatveit, i fjellsida under Arnanipa. Ådnamarka har fleksible areal, stort uteområde, gymsal, idrettssbane og mykje flott friluftsareal i nærområdet. Ådnamarka skule har om lag 60 ansatte som alle bidreg til eit inkluderande og varmt arbeidsmiljø.
Ådnamarka skule er ein nynorskskule der dei fleste elevane har bokmål som målform.
Ådnamarka skule er opptatt av å ivareta heile mennesket. Elevane skal møte ei tilpassa undervisning som tek i vare fagleg og sosial progresjon. Vi legg til rette for eit medverkande, inkluderande og støttande læringsmiljø som fremjar kreative, kritiske og robuste elevar. I arbeidet med sosial kompetanse og sosiale ferdigheter nyttar vi PALS som rammeverk.
04.04.2025
Bergen kommune
Lærar / Lærer
7
Heltid
Fast, Vikariat
100
4942085138
01.08.2025
31.07.2026
Arbeidsoppgaver
Kontaktlærarar og faglærarar
Sørge for eit trygt og godt læringsmiljø for alle elevane på skulen.
Førebu, gjennomføre og evaluere inkluderande undervisning som bygger fagleg og sosial kompetanse.
Samarbeid med foreldre, kollegaer og interne/ eksterne samarbeidspartnarar.
Delta aktivt i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen og bidra til eit godt profesjonsfellesskap.
Undervisning i fleksible areal i samarbeid med trinnteamet.
Kvalifikasjoner
Godkjent pedagogisk lærarutdanning for grunnskulen, GLU 1-7 eller GLU 5-10
Erfaring frå arbeid i fleksible areal er ein fordel.
God kompetanse innan klasse- og læringsleiing.
Gode digitale dugleikar.
Erfaring frå arbeid med PALS er ønskeleg.
Fagønsker: Norsk, Matematikk, Engelsk og Praktisk-estetiske fag
Vi vektlegg personleg egnethet og omsynet til elevens beste
Personlige egenskaper
Du er tydeleg, trygg, robust og varm i møte med alle elevar.
Du har god klasseleiing.
Du har god relasjons- og kommunikasjonskompetanse og evne til å motivere.
Du er endringsvillig og utviklingsorientert, og kan organisere undervisninga i fleksible areal.
Du er fleksibel, strukturert, har gode samarbeidsevner og god arbeidskapasitet.
Du har eit sterkt pedagogisk engasjement der elevane si læring og trivsel er i fokus.
Du kan reflektere over eigen praksis, vala du tek, og kan diskutere dette med andre.
Du tek initiativ og bidreg til å skape eit godt lærings – og arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
Eit godt fagmiljø med gode høve for fagleg og personleg utvikling.
Bergen kommune, ein engasjert og profesjonell arbeidsgivar. Kommunen er ein IA-bedrift.
Lønn etter gjeldande avtaleverk.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!