Find Your Next Job

Lærarar

Posted on March 7, 2025

  • N15, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Full Time

Lærarar
Lærarar

Ørskog skule, Ålesund kommune

(i ny fane)


Om stillinga

Ørskog skule søker etter lærarar som kan undervise på 1.-4. trinn, og lærarar som kan undervise i kroppsøving og musikk på både barnetrinn og ungdomstrinn.

Ørskog skule stod ny i 2018, og har gode fasilitetar til å drive ei moderne og tilpassa undervisning. Vi er ein 1.-10. trinn skule og har inneverande skuleår 260 elevar. Sfo er godt organisert, og nyttar skulelokala og uteområda på ein kreativ og inspirerande måte.
Skulen sitt uteområde er stort og variert. Idrettsanlegg, skytebane, stall, sjø, elv, skog og fjell utgjer samla vårt ute klasserom, som kan nyttast i opplæringa .
Elevar har gjennom valfag bygd færingar som vi har i naust, og vi har oppretta Fjordbasen med båt og utstyr til å kunne drive fiske. Dette gir oss svært gode moglegheiter til varierte og praktiske læringsarenaer.
Vi har eit dyktig og engasjert kollegium som samarbeider i team for å skape eit trygt og godt læringsmiljø for elevane. Fagleg inkludering og ei praktisk tilnærming i opplæringa er ein del av skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid inneverande skuleår.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

23.03.2025

Arbeidsgivar:

Ålesund kommune

Stad:

Ørskog

Stillingstittel:

Lærarar

Stillingar:

2

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4931718854

Del på X

Del på LinkedIn
Del på Facebook
Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av undervisning etter læreplan og gjeldande lovverk
  • Kontaktlæraroppgåver er aktuelt
  • Teamsamarbeid
  • Bidra aktivt i skulen sitt pedagogisk utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Lærarar med pedagogisk utdanning samt undervisningskompetanse på barneskule.
  • Helst erfaring med undervisning og kontaktlæraroppgåver
  • Gode eigenskapar som klasseleiar
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • God til å samarbeide og bygge relasjonar
  • Positiv og engasjert
  • Initiativrik og løysingsorientert
  • Strukturert og ansvarsbevisst

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver
  • Engasjerte og inkluderande kollegaer
  • Nye og moderne lokaler og utstyr
  • Lønn etter tariff
  • Medlemskap i SPK


Adresse:
Ryssebøvegen 2, 6240 Ørskog
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Eva Myklebust Larsen
Assisterande rektor
Telefon:
926 99 566
E-post:
Eva.Myklebust.Larsen@alesund.kommune.no

Om arbeidsgivaren

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!