Find Your Next Job

Læreplass I Barne- Og Ungdomsarbeidarfaget

Posted on Jan. 28, 2025

  • Full Time

Læreplass I Barne- Og Ungdomsarbeidarfaget

(i ny fane)


Om stillinga

Vil du jobba med barn og unge?

Å vera lærling betyr at du utdanner deg til eit yrke i barne- og ungdomsarbeidarfaget ved å jobba i kommunen og få opplæring og praksis. Dette er eit yrkesretta utdanningsløp som blir avslutta med ein fagprøve. Med bestått fagprøve får du dokumentasjon på din teoretiske og praktiske kunnskap, og kan søkja på fagarbeidarstillingar. Kommunen samarbeider med Handalag opplæringskontor om lærlingeordninga. No søkjer me etter deg som ynskjer læreplass i som barne- og ungdomsarbeidarfaget frå hausten 2025.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
02.03.2025
Arbeidsgivar:
Kvam herad
Stad:
Tørvikbygd, Øystese, Norheimsund, Strandebarm, Ålvik
Stillingstittel:
Læreplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4910068477
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid med barn i barnehage og skule i samsvar med læreplanmål for barne-og ungdomsarbeidarfaget

Kvalifikasjonar

  • Ha interesse og motivasjon for fagfeltet du søkjer
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.

Personlege eigenskapar

For å få læreplass må du ha eigenskapar som gjer deg eigna til å jobba med barn og unge:

  • Vera motivert for å bli lærling
  • Serviceinnstilt og engasjert
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Raus og inkluderande
  • Møter andre på ein respektfull og open måte
  • Trives i eit aktivt arbeidsmiljø

Me tilbyr

  • God fagopplæring i positive arbeidsmiljø
  • Dyktige instruktørar som rettleiarar
  • Arbeidsvilkår i samsvar med vanlege kommunale vilkår

    Generell informasjon:
    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.



Adresse: Tørvikbygdvegen, 5620 Tørvikbygd, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)
Bjørketeigen barnehage
Vavollen 137
5610 Øystese
Norge
Opne vegbeskriving
Norheimsund barnehage
Kyrkjevegen 30
5600 Norheimsund
Norge
Opne vegbeskriving
Sjydnahaugen barnehage
Øvre Vik 5
5610 Øystese
Norge
Opne vegbeskriving
Strandebarm barnehage
Tangeråshagen 12
5630 Strandebarm
Norge
Opne vegbeskriving
Ålvik barnehage
Trånavegen 52
5614 Ålvik
Norge
Opne vegbeskriving

Kontaktinformasjon

Ingunn Mo
Leiar for barnehage
Telefon: +47 997 38 755
Tone Søgaard
Dagleg leiar Handalag opplæringskontor
Telefon: 91 55 33 38
E-post: tone@handalag.no

Om arbeidsgivaren

Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger!


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!