Find Your Next Job
Lærling I Ambulansefaget 2025–2027
Posted on Jan. 10, 2025
- Haugesund, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time
Om stillinga
Blir lærling i ambulansefaget hos Helse Fonna – vi søkjer deg som er engasjert og motivert frå hausten 2025!
Helse Fonna vil ta inn lærlingar ved ambulansestasjonane i Haugesund, Karmøy, Vindafjord, Odda, Kvinnherad, Stord og Bømlo. Som lærling må du rekne med læretid ved andre stasjonar i Helse Fonna, samlingar og praksis i heile distriktet.
Vår lærlingkoordinator og våre dyktige instruktørar sørgjer for at du får tett og individuell oppfølging.
Aktuelle kandidatar blir kalla inn til fysiske testar og intervju. Opptak vert gjennomført i veke 9, og dei som er aktuelle, vil bli kontakta.
Krav til fysisk test:
- Springe 1000 m på maks 5 minutt
- Bære backboard med 80 kg 200 m på maks 10 min
- Bære bærestol med 80 kg opp og ned ein etasje 3 gonger, minst ein gong i kvar ende på maks 8 min
- Stadfeste at du kan symje
Merk: I forbindelse med utplassering vil det bli stilt krav om politiattest.
Søk no via lenka.
Nøkkelinformasjon
Arbeidsoppgåver
- Ambulanseoppdrag innan heile fagfeltet
- Vedlikehald og fagleg utvikling i form av e-læring, praktiske øvingar og teoretisk fordjuping
- Intern og ekstern undervisning
Kvalifikasjonar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- God helse, helseattest førarkortgruppe 3, ikkje eldre enn 6 mnd. Helst utstett av fastlækjar. Blankett IS-2569 22.05.2017
- Bestått fysisk test
- Gjennomført og bestått VG 1 Helse- og oppvekstfag
- Gjennomført og bestått VG 2 Ambulansefag på skole før tiltreding
- Søkarar som ikkje har fullført og bestått VG1 og VG2 frå ordinær skule kan bli vurdert under føresetnad at dei kan dokumentere bestått eksamen i programfag og fellesfag frå ovannemnde studieretning inkl. YFF før tiltreding. Andre søkjarar kan også vurderast.
- Førarkort kl. B/BA gjennomført og bestått innan januar 2025 (dekkes av den enkelte)
- Førarkort kl. C1 gjennomført og bestått i løpet av juni 2025 (dekkes av den enkelte)
Personlege eigenskapar
Vi ser etter det som har:
- gode kommunikasjonsevner, både skriftleg, munnleg og digitalt
- god fysisk og psykisk helse (sjå definerte fysiske krav)
- motivasjon for å vere ambulanselærling
- evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt
Vi tilbyr
- Løn etter tariff for lærlingar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Eit spennande arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå
- Rullering mellom stasjonane må påreknast
- Internundervisning, kurs og fagleg oppfølging
Adresse: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Norge
Kontaktinformasjon
Om arbeidsgivaren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!