Find Your Next Job

Lærlinger

Posted on Jan. 17, 2025

  • Bergen, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Full Time

Lærlinger

Helse Vest IKT



Om stillinga
Sjukehussektoren er i ei rivande utvikling. Sikker og moderne IKT er ein viktig bidragsytar for at sjukehusa skal kunne drive effektivt og godt, også i framtida. Helse Vest IKT har ansvar for produksjon av IKT-tenester til alle sjukehus i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit. Med omlag 1500 system, 4000 serverar og i overkant av 30 000 sluttbrukarar, er vi blant dei største IKT-miljøa på Vestlandet.

Vi søker tre nye lærlingar innan IT-driftsfaget til eit skreddarsydd opplegg, der fleire av våre seksjonar er involvert. Du vil få brei kompetanse og moglegheita til å bli kjent med ein verksemd som har eit viktig, meiningsfylt og samfunnsnyttig oppdrag; nemleg å effektivisere pasientbehandlinga.

Arbeidsstad er i Bergen.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

03.02.2025

Arbeidsgivar:

Helse Vest IKT

Stad:

Bergen

Stillingstittel:

Lærlinger

Stillingar:

3

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Engasjement

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

4890079801

Arbeidsoppgåver

  • I løpet av læretida på to år vil dei første seks månadene mellom anna lære om hardware, software, brukarsupport 1.-3.linje, nettverk, varebestilling og vareleveranse. Dei neste 14 månadene vil du få oppgåver som er retta mot den seksjonen du vil tilhøyre. Dei tre seksjonane er skytenester, arbeidsflate og server- og lagring. Du skal i søknadsprosessen velje ein av desse. Den siste tida brukast til forberedelse fagprøven.

Kvalifikasjonar

  • Du har fullført og bestått VG1 ITM/Informasjonsteknologi og medieproduksjon og VG2 IT/Informasjonsteknologi innan august 2025.
  • Du har oppnådd vurderinga "god" i både orden og åtferd i VG1 og VG2.
  • Du har lite fråvær i VG1 og VG2.
  • Du har god kompetanse i M365.
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Personlege eigenskapar

Vi har tilsette som er ulike i veremåte og arbeidsform, og det liker vi! Du kan vere mykje forskjellig og likevel passe veldig godt inn hos oss. Men nokre grunnhaldningar er vi likevel ute etter, som ærlegdom, fagleg interessert og arbeidsvillig. Du er også pliktoppfyllande og lojal, kan og vil samarbeide, og du har god ordenssans.

Vi tilbyr

  • Ein allsidig opplæring i ein offentleg verksemd.
  • Brei kompetanseutvikling gjennom varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver.
  • Gode arbeidsverktøy.
  • God oppfølging både fagleg og sosialt av mellom anna fagleg leiar og instruktørar. Eit uformelt og inkluderande arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.




Adresse:
Kronstad X, Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Norge


Kontaktinformasjon

Tove Alice Koll Frafjord
HR Rådgiver
Telefon:
+47 40923023

Om arbeidsgivaren
Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!