Find Your Next Job

Lærlingstillingar Frå Hausten 2025

Posted on Feb. 24, 2025

  • Slidre, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Full Time

Lærlingstillingar Frå Hausten 2025
(i ny fane)


Om stillinga

Vestre Slidre kommune har ledige lærlingplassar frå august 2025 som helsefagarbeidar/ barne- og ungdomsarbeidar og reinhaldsoperatør.

Kommunen har dyktige leiarar og rettleiarar, lang erfaring som lærlingbedrift og vil gi deg som lærling god og allsidig opplæring i faget.

Ber om at du spesfiserer i søknaden kva fagretning du søkjer lærlingplass i; helsefag, barne- og ungdomsarbeidar eller reinhaldsoperatør.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
09.03.2025
Arbeidsgivar:
Vestre Slidre kommune
Stad:
Slidre
Stillingstittel:
Lærlingstillingar
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4924963134
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver i henhald til opplæringsplan på det aktuelle fagområdet.
  • Delta aktivt i opplæringa ved å vise interesse, ta initiativ og arbeide aktivt med kompetansemåla.
  • Delta på fagdagar og bidra til fagleg utvikling og godt samarbeid på arbeidsplassen.
  • Bidra til å ivareta eit trygt og godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Fullført og bestått VG1 og VG2 innan helsearbeidarfag/ barne- og ungdomsarbeidarfag/ VG1 bygg- og anleggsteknikk.
  • Gyldig politiattest må framleggjast ved tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • Lærevillig og fagleg interessert.
  • Open og positiv.
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst.
  • Fleksibel og samarbeidsvillig.

Vi tilbyr

  • Mellombels tilsetting for ein 2- års periode med løn som lærling.
  • Ein lærerik arbeidsplass med varierte og spennande arbeidsoppgåver.
  • God oppfølging og rettleiing gjennom heile læretida.
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Tilsetting skjer elles på dei vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.


Adresse: Slidrevegen 16, 2966 Slidre, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Stine Mari Skrindsrud Nordaas
Kommunalsjef Helse og oppvekst
Telefon: 99539117
E-post: stine.nordaas@vestre-slidre.kommune.no
Vidar Jernæs Strand
Dirftsleiar vaktmester og reinhald
Telefon: 99457827
E-post: vidar.jernes.strand@vestre-slidre.kommune.no

Om arbeidsgivaren

Andre opplysningar

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.


Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no

Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!