Find Your Next Job

Lønn Under Vidareutdanning I Intensivsjukepleie 2025-2026

Posted on Feb. 1, 2025

  • Full Time

Lønn Under Vidareutdanning I Intensivsjukepleie 2025-2026

Om stillinga

Helse Fonna tilbyr økonomisk støtte til studentar under utdanning til Master i klinisk sjukepleie - intensivsjukepleie fra hausten 2025. Denne utdanninga er eit masterløp over 4 semestre, men me gjer merksam på at me berre gir lønn til fullført kvalifikasjon som intensivsjukepleiar (3 semestre).

Dersom du har søkt studieplass til Master i klinisk sjukepleie - intensivsjukepleie, kan du søke på desse utdanningsstillingane.

For å få støtte må du:
  • Ha studieplass ved aktuell utdanning.
  • Stå til disposisjon for føretaket som ferievikar i 4 veker sommaren 2026 i 100 % stilling. Avlønning som sjukepleiar.
  • Arbeide 10% stilling i føretaket under utdanninga, knytt til helg. Avlønning som sjukepleiar.
  • Sjukehuserfaring og eit tilsettforhold i Helse Fonna er ein fordel i prioriteringa, men det er mogeleg å søkje om utdanningsstilling og for eksterne.
  • Etter fullført studie er det 3 års bindingstid i 100% stilling. Arbeidsgjevar har styringsrett over denne. Bindingstiden er knytt til Haugesund, Stord eller Odda sjukehus.

Du finn mer informasjon om avtalen som blir tilbudt i Personalhandboka.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
31.03.2025
Arbeidsgivar:
Helse Fonna HF
Stad:
Haugesund, Odda, Stord
Stillingstittel:
Lønn under vidareutdanning i intensivsjukepleie 2025-2026
Stillingar:
12
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Anna
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4915258720
Del på X
Del på Facebook

Vi tilbyr

  • Studenten blir gitt permisjon frå den faste stillinga si, og mottek under utdanninga lønn tilsvarende 90 % av minstelønn. Den faste stillinga blir flytt til Bemanningssenteret i studieperioden.



Adresse: Helse Fonna - Haugesund Sjukehus, Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Norge



Kontaktinformasjon

Ingrid Hovden Stava
Rådgjevar, Utdanning og kompetanseavdeling HR
Telefon: 52732066
E-post: ingrid.hovden.stava@helse-fonna.no

Om arbeidsgivaren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!