Find Your Next Job
Lad Opp Elektrolaget Vårt Med Din Leiarskap!
Posted on Nov. 29, 2024
- Florø, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time
Fjord1 AS
Vil du bli vår nye leiar for elektroeininga?
Fjord1 er ein leiande aktør innan miljøvennleg transport, og vi jobbar kontinuerleg med å utvikle nybygg i verdsklasse og modernisere fartøyporteføljen vår. Vi skal vere best på framtidsretta og berekraftige løysingar.
For å styrke vår satsing på elektroområdet, samlar vi no alle elektroressursane våre under ei felles eining. Til denne spanande nyoppretta leiarstillinga søkjer vi ein motivert og fagleg sterk person som vil bidra til å vidareutvikle Fjord1 sitt elektroarbeid.
Som leiar for elektroeininga vil du få ei nøkkelrolle i å sikre solid fagkompetanse innan elektro og bidra til å auke kompetansen på tvers av selskapet. Eininga vert del av avdelinga Teknisk driftsstøtte, som i dag har 8 dyktige kollegaer innan fagområda elektro og automasjon, el-kraft, skipsteknikk og vedlikehald.
Avdelinga er organisert under divisjonen Teknologi og Prosjekt (T&P), som og inkluderer områda teknologi og utvikling, nybygg og anbod. Totalt har T&P om lag 20 dedikerte medarbeidarar som samarbeider tett for å levere gode resultat. Våre medarbeidarundersøkingar viser høg trivsel og eit godt arbeidsmiljø – både sosialt og fagleg.
Du vil få ansvar for å vidareutvikle og styrke elektrofaget i Fjord1, samstundes som du skapar eit godt arbeidsmiljø som motiverer og inspirerer teamet ditt. Du vil få ei viktig rolle som bindeledd mellom leiinga, tekniske avdelingar og eksterne aktørar, og må evne å ta tydelege avgjersle, prioritere effektivt og sikre framdrift i arbeidet.
20.12.2024
Fjord1 AS
Florø
Leiar elektroeining
1
Heiltid
Fast
100
4885518602
Arbeidsoppgåver
Som leiar vil du få ansvar for å styrke elektrofaget i Fjord1 gjennom utvikling, prosessforbetringar og effektiv drift. Du skal sikre framdrift i arbeidet og bygge og oppretthalde sterke samarbeidsrelasjonar både internt i selskapet og med eksterne aktørar.
Dine viktigaste ansvarsområde vil inkludere:
- Dagleg drift og leiing av elektroeininga i Teknisk driftstøtte.
- Utforme og vedlikehalde prosessar og retningslinjer for sikker og effektiv drift av selskapets elektroinstallasjonar.
- Drive utviklings- og forbetringsarbeid som sikrar framtidsretta og berekraftige løysingar.
- Leie eller delta i prosjekt og vere ein sentral fagperson mot myndigheiter og leverandørar.
- Samhandle med ulike fagmiljø og byggje ein felles forståing for elektrofaget på tvers av selskapet.
-
Gjennom ditt arbeid vil du bidra til at Fjord1 forsterkar si rolle som leiande aktør innan miljøvennleg transport.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter ein leiar som har høgare utdanning innan relevante fagfelt, som elektro eller automasjon, og solid forståing for fagområda. Du trivst med ein variert arbeidskvardag og har evne til å tilpasse deg endringar i prioriteringar etter behov. Du har erfaring med å koordinere og leie ulike aktørar, og du evnar å bygge tillit, inspirere og motivere både teamet ditt og samarbeidspartnarar.
Vi legg vekt på at du er sjølvstendig, strukturert og har gode kommunikasjonsevner. I tillegg handterer du godt å ha fleire oppgåver på ein gong, og du evnar å balansere detaljar og heilskap. Erfaring frå prosjektleiing og utviklingsarbeid innan elektro eller automasjon er ein fordel.
Kva kan vi tilby deg?
Som leiar i Fjord1 får du ei spanande moglegheit til å påverke utviklinga av ei nyoppretta eining og bidra til framtidsretta, berekraftige løysingar. Du vil få ein variert arbeidskvardag i eit selskap med høg trivsel og tett samarbeid mellom dyktige kollegaer.
Vi tilbyr konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar, samt fleksible arbeidsordningar som gir deg moglegheit til å tilpasse jobben til ditt liv. I Fjord1 får du ein inspirerande arbeidsplass der du kan utvikle deg både fagleg og personleg. Vi legg og vekt på å ha gode velferdsordningar for våre ansatte, som f.eks bedriftshytter.
Våre kontorlokale i Florø er topp moderne og sentralt plassert, og gir deg eit godt arbeidsmiljø med korte avstandar til både sjø og fjell.
Vil du vere med på laget og forme framtida for Fjord1? Vi ser fram til å høyre frå deg – søk no!
Kontaktinformasjon
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!