Find Your Next Job
Ledige Stillingar Frå Og Med Barnehageåret 2025-2026
Posted on Feb. 21, 2025
- Slidre, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time

Om stillinga
I barnehagane i kommunen har vi fleire ledige stillingar frå og med barnehageåret 2025-2026
Det visar seg at Vestre Slidre kommune er ei attraktiv kommune å bu i, så no går vi ei spanande tid i møte. Vi har pr. i dag to kommunale barnehagar fordelt på 3 bygg.
Vi har fleire ledige stillingar og ynskjer å knytte til oss nok og rett kompetanse.
Vi har ledige vikariat som barnehagelærarar og barne- og ungdomsarbeidarar.
Vi ser fram til å sjå deg på søkarlista, du som synes dette ser spanande ut!
I søknaden din skriv du kva stilling du søker på og kva for barnehage du søker deg til.
Frå og med barnehageåret 2025-2026 lyser vi ut etter:
Barnehagelærarar, inntil 500%, der av 100% fast stilling.
Fagarbeidarar, inntil 200%, med moglegheit for 100% fast stilling.
Vi oppmodar deg med kompetanse som barnehagelærar og barne- og ungdomsarbeidar til å søke. Vi oppmodar og deg som er under utdanning innan oppvekst, og/ eller har relevant kompetanse og praksis i faget, til å sende oss ein søknad. Det kan og bli ledige stillingar ved eventuelle permisjonar og/ eller interne endringar i personalet.
Vi har ei erfaren og kompetent personalgruppe som gjennom god omsorg og tett foreldresamarbeid har som mål å gje kvart enkelt barn ein god dag – kvar dag!
Nøkkelinformasjon
Arbeidsoppgåver
- Dagleg omsorg for det enkelte barn og barnegruppa.
- Bidra til at barnehagen er ein trygg og god oppvekstarena.
- Medansvar for at den pedagogiske verksemda blir drive i samsvar med overordna mål, lover og retningslinjer for barnehageverksemda.
Kvalifikasjonar
Barnehagelærarstillingar, kompetansekrav:
- Bachelor barnehagelærar.
- Anna relevant utdanning kan bli vurdert.
Fagarbeidarstillingar, kompetansekrav:
- Ufaglærte med erfaring kan også bli vurdert.
Personlege eigenskapar
- Er ein fleksibel, aktiv og fagleg engasjert vaksen med evne til å begeistre.
- Er genuint oppteken av barns beste, med fokus på tryggheit, omsorg og relasjonsskaping.
- Har evne til refleksjon over – og utvikling av - eigen praksis, i lag med resten av fagmiljøet.
- Er kreativ og engasjert.
- Er glad i å væra i aktivitet og bidra til å bruke det pedagogiske uterommet.
- Beherskar god kommunikasjon, munnleg og skriftleg. Krav til norskkunnskapar minimum A1 og gjerne B1.
- Må beherske PC som verktøy.
- Politiattest må bli levert før oppstart.
Vi tilbyr
- Ein allsidig og spanande jobb!
- Dyktige kollegaer med høg fagleg og relasjonell kompetanse.
- Veiledning for 1. og 2. års nyutdanna barnehagelærar, av kompetente veiledarar.
- Fortrinnsrett på barnehageplass for eigne barn.
- Fri i jul og påske jfr vedtektene ( avspasering).
- Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Adresse: Slidrevegen 16, 2966 Slidre, Norge
Kontaktinformasjon
Om arbeidsgivaren
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noTailor Your Resume for this Job
Share with Friends!