Find Your Next Job

Vy Vy

Lokomotivførar Til Voss

Posted on Feb. 22, 2025

  • N46, Norway
  • No Salary information.
  • Full Time

Lokomotivførar Til Voss

Lokomotivførar til Voss Vy tog Vest



Om stillingen

Vy tog Vest ser etter deg som er ferdig sertifisert lokførar, eller kanskje du akkurat no er student hos Norsk fagskole for lokomotivførere, med avsluttande eksamen i løpet av 2025 - OG har lyst å bu på Voss og køyre toga våre der. Om du kjenner deg att i dette så er vi veldig interessert i å høyre frå deg.

Du vil få jobbe med rundt 50 andre gode lokførarar og konduktørar, samt våre to driftsleiarar for lok og kond, som alle held til i vårt nye lokale på Voss stasjon. Samstundes blir du ein av våre 240 ansatte i Vy tog Vest som er spredd på våre stasjoneringsstadar Bergen, Flåm, Ål og Oslo, forutan Voss. Saman har vi ansvar for å utvikle og drifte vakre Bergensbanen, Vossebanen og lokaltoga mellom Bergen og Arna. I tillegg køyrer vi òg den spektakulære Flåmsbana og har med dette ei flott og variert køyring for å gi pendlarar, fritidsreisande og ikkje minst våre mange turistar frå inn- og utland den beste reisa.

Vi scorar ellers høgt på trivsel og lavt på sjukefråver, og det er godt oppmøte på våre faste sosiale treff som sommarfest og julebord. Voss har mykje å by på av aktiviteter og tilbod heile året, og er du spesielt glad i fin natur, fjell- og ski eller kanskje ekstremsport så vil du trivst på Voss!

Om du fyller krava til kompetanse, kan identifisere deg med våre verdiar: Samspel - Ansvarlighet - Kundeglede, og vil bidra til eit framleis godt arbeidsmiljø på Voss, håper vi du søker! Du treng ikkje skrive nokon lang søknad, men sei gjerne litt om din motivasjon for å jobbe på Voss og når du ser for deg å starte der.

Interne i Vy tog har prioritering ved tilsetjing og må oppgi sin ansiennitetsdato i søknaden. Oppstart blir etter avtale.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
16.03.2025
Arbeidsgiver:
Vy Tog AS
Sted:
Voss
Stillingstittel:
Lokomotivførarar til Voss
Stillinger:
3
Heltid / Deltid:
Heltid
Ansettelsesform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4926734360

Arbeidsoppgaver

  • Trygg og punktlig framføring av persontog (Type 75 og El-18)
  • Informere kundar, kollegaer og transportledarar om trafikkhendingar
  • Skifting
  • Håndtere avvik i samarbeid med kollegaer
  • Plattformtjeneste ved behov
  • Rapportere avvik i synergi

Kvalifikasjoner

  • Sertifisert-/fullført lokomotivførerutdanning frå Norsk fagskole for lokomotivførere/
    Lokomotivførar under grunnutdanning, fortrinnsvis med avsluttande eksamen i løpet av 2025
  • Gyldig førarbevis og helseattest
  • Gode norsk- og engelskkunnskaper

Studentar må oppgi dato for når dei forventer å fullføre skulen, samt ettersende vitnemål før oppstart.
Fast tilsetting forutset bestått eksamen frå fagskulen og sertifisering hos Vy tog Vest etter endt internopplæring.

Personlige egenskaper

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du tek ansvar og har stort fokus på tryggleik og punktligheit
  • Du er imøtekommande og serviceinnstilt ovanfor både kundar og dine kollegaer
  • Du evner å vere fleksibel og løysningsorientert når det trengs
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø og framstår som ein god representant for Vy tog Vest

Vi tilbyr

  • Variert togkøyring på vakre og spektakulære togstrekningar
  • Markedsbasert og konkurransedyktige arbeidsbetingelsar iht tariff
  • Turnustjeneste, som inneber at du må kunne starte tidleg og seint, samt jobbe helg og helligdagar - men òg få fridagar midt i veka
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode rabattar på togreiser i inn- og utland til deg og familien i henhold til gjeldande personalbillettordning
  • Faglege- og personlege utviklingsmuligheiter
  • Ei bedrift prega av fellesskap og mangfald

Kun elektroniske søknadar via Webcruiter vil bli vurdert. Nokre søkarar har strenge spam-filtre så vi oppfordrar til jevnlig å sjekke mail-søppelkassa medan rekrutteringsprosessen pågår.



Adresse: Voss stasjon, Stasjonsvegen, 5700 Voss, Norge

Kontaktinformasjon

Knut Opheim
Driftsleiar lok Voss/Ål
Telefon: 915 83210
E-post: knut.opheim@vy.no

Om arbeidsgiveren

Vygruppen er et nordisk transportkonsern med ca. 11.500 medarbeidere og en årlig omsetning på omlag 17 milliarder kroner. Vårt samfunnsoppdrag er å tilby attraktive, kollektive transportløsninger på en bærekraftig måte, og visjonen er "Vy gjør det enkelt å velge miljøvennlig". Det skal vi oppnå gjennom å gi kundene våre gode opplevelser hver dag, være bransjeledende på innovasjon, være effektive og pålitelige i alt vi gjør, og ha engasjerte og kundeorienterte medarbeidere. Vy har virksomhet innenfor tog, buss, gods, mobilitetsløsninger og reiseliv i Norge og Sverige.

Vy Tog er et forretningsområde i Vygruppen, med en omsetning på ca. 8,4 milliarder kroner og 2600 ansatte i Norge og Sverige. Vy påvirker hverdagen til tusenvis av mennesker hver dag og selskapets arbeide har betydning for fremtidige generasjoner og miljøet rundt oss.


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!