Find Your Next Job
Vanylven kommune
Miljøarbeidar/Assistent Myklebust Skule
Posted on Dec. 3, 2024
- Syvde, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Part Time
Om stillinga
Myklebust skule treng ein ansvarleg vaksen, ein miljøarbeidar/assistent, som kan vere tett på elevar som treng ekstra oppfølging i høve språkinnlæring, sosiale utfordringar eller med behov for individuelt tilrettelagt skulekvardag.
Vi søkjer etter nokon som har genuin interesse av å jobbe med barn i nær samarbeid med vårt pedagogiske personale. Saman skal vi legge til rette for gode skulekvardagar for alle våre elevar, uansett bakgrunn eller føresetnadar.
Brenn du for at born og unge skal trivast, kjenne seg trygge i eit godt skulemiljø, då treng vi deg. Som miljøarbeidar må du vere ein pådrivar for og bidra til å skape eit godt læringsmiljø for alle. Assistentoppgåvene inneber å støtte skulen sitt pedagogiske personale i arbeidet med tilrettelegging og gjennomføring av undervisninga.
Nøkkelinformasjon
Arbeidsoppgåver
Samarbeide med vårt pedagogiske personale, sette elevane sine behov først, og bidra til å gjere dine kollegaer gode og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Gje elevar med behov for særskilt norskopplæring oppfølging i tråd med opplegg frå SNO-pedagog.
Legge til rette for at elevane skal lære og utvikle seg, du fyl pedagogane sine planar, og bidreg til at elevane får struktur i sin skuledag, og betre forstår arbeidsoppgåvene sine.
Halde deg oppdatert på elevane sitt undervisningsopplegg, og tek ansvar for å aktivisere elevane i pauseaktivitetar og ute i friminutt uansett vêr. Du gjennomfører undervisningsøkter uansett fag, enten ein-til-ein eller i ei lita gruppe, etter rettleiing frå pedagogisk personale.
Framsnakking av våre elevar, våre føresette, dine kollegaer, skulen og nærmiljøet.
Kvalifikasjonar
- Ynskjer søkjarar med fagbrev innanfor barne- og ungdomsarbeidar, miljøterapi eller som vernepleiar, men vil også vurdere annan bakgrunn
- Erfaring frå arbeid med elevar innanfor autismespekter, psykisk utviklingshemming eller åtferdsutfordringar
- Må kunne jobbe med å førebygge og handtere utfordrande og utagerande åtferd
- Har kompetanse eller vilje til å tileigne deg kompetanse innanfor alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
- Strukturert og endringsvillig
- Har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Er tilgjengeleg i tida 07:20-17:00, kvardagar, gjennom heile skuleåret
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Eit inkluderande menneskesyn, er raus og motiverande
- Godt humør, og evne til å prioritere i ein hektisk kvardag
- Har god systemforståing og skjønar di rolle som miljøarbeidar/assistent
- Er ambisiøs på vegne av elevane, kollegaer og deg sjølv
- Gode samarbeidsevner, fleksibilitet
- Toler høgt arbeidstempo og krevjande utfordringar
- Ein tydeleg, trygg og føreseieleg vaksen med interesse for elevar med spesielle behov
- Løysingsorientert
Vi tilbyr
- Å bli ein del av kollegium som saman bygger eit godt fagmiljø under kontinuerleg utvikling
- Å vere ein del av eit lærande team rundt våre elevar
- Eit godt, inkluderande kollegium, med høg kompetanse
- Kjekke elevar og engasjerte føresette
- Høve til å hauste verdifull erfaring og opparbeide kompetanse i arbeid med elevar med ulike utfordringar, enten det gjeld språk, sosialt eller åtferd
Løn etter gjeldande tariffavtale, gode pensjonsordningar.
Adresse: Kvia 22, 6140 Syvde, Norge
Kontaktinformasjon
Om arbeidsgivaren
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!