Find Your Next Job
Gloppen kommune
Miljøterapeut
Posted on Nov. 18, 2024
- Sandane, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Part Time
Om stillinga
Er du vår nye kollega? Vi har behov for tre nye nattevakter i 80 % stilling i miljøarbeidertenesta, med arbeider kvar tredje helg.
Kvar dag møter mange personar opp på jobb i Gloppen for å skape eit godt liv og gode tenester for alle som oppheld seg i kommunen vår. Helse i Gloppen kommune er mellom anna organisert i Miljøarbeidertenesta, Bu- og omsorgsteneste, Heimetenesta, Legetenesta og Busetjings- og integreringstenesta. I kommunen samarbeider vi på tvers av einingane. Viste du at vi har eigne fagnettverk for område som psykisk helse, velferdsteknologi og klinisk observasjonskompetanse? Som tilsett hos oss ynskjer vi at du engasjere deg i arbeid med fag og fagutvikling.
Miljøarbeidertenesta yter i dag teneste til omlag 60 brukarar med utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi har ca. 70 årsverk fordelt på sju avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.
Overordna mål for tenesta er å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov. Dette stiller krav til relasjonskompetanse, eignaheit og individuelt tilpassa tenesteyting i tråd med lovverk, nasjonale og lokale føringar. Du vil arbeide brukarnært med mellom anna utarbeiding av mål- og tiltaksbeskrivingar, miljøarbeid, psykisk og somatisk helseoppfølging og støttesamtalar.
På avdelingane nattevaktene gjev tenester til, bur det menneske med utviklingshemming, psykiske lidingar og rusproblematikk. Vi er på utkikk etter deg som har engasjement for brukargruppa og kan bidra til at brukarane får eit godt og forsvarleg tilbod heile døgnet. Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt inn i det miljøterapeutiske arbeidet.
Nøkkelinformasjon
Arbeidsoppgåver
- Sikre at gjeldande lovverk og vedtak etter helse og omsorgtenestelova blir fulgt.
- Planlegg, gjennomføre og evaluere miljøterapeutiske tiltak
- Journalføring
- Kapittel 9
Kvalifikasjonar
- 3 årig helse og sosialfagleg høgskuleutdanning
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Ynskjeleg med erfaring innan målgruppa
- Gode IKT-kunnskapar
- Personleg eignaheit vil bli veklagt i stor grad
- Dersom det ikkje melder seg søkjarar med relevant utdanning, kan det vere aktuelt og tilsette andre med interesse for og erfaring frå denne brukargruppa
Vi søker etter deg som
- kan arbeide sjølvstendig, strukturert og planmessig
- som har godt humør, god omsorgsevne og er god til å skape relasjonar
- som er ein pådrivar for å skape ei god teneste, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- initiativrik og ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- At du får påverke og bidra aktivt i å skape ei fagleg utvikling innan det miljøterapeutiske arbeidet.
- Engasjerte og kvalifiserte kollegaer.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
Adresse: Grandavegen 9, 6823 Sandane
Kontaktinformasjon
Om arbeidsgivaren
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Customize Your Resume to Match this Job
Share with Friends!
Similar Jobs
Sandnes kommune
Ønsker Du En Variert Hverdag Som Miljøterapeut?
Mestringsenheten, Avdeling psykisk helse, Sandnes kommune Om stillingen Mestringsenheten gir hjelp…
Part Time | Sandnes, Norway
Apply 22 hours, 14 minutes ago
Helse Stavanger HF
Miljøterapeut 100 % Natt - Akutt Ungdomspsykiatri
Klinikk psykisk helsevern barn, unge og rusavhengige / barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling / avde…
Full Time | Stavanger, Norway
Apply 1 day, 4 hours ago
Nittedal kommune
Miljøterapeut/Miljøarbeider
Vargveien bolig og oppfølging, Nittedal kommune Om stillingen Jobbmuligheter innen Psykisk …
Full Time | Hakadal, Norway
Apply 1 day, 4 hours ago
Kirkens Bymisjon
Miljøterapeut
Larkollen Behandlingssenter er en virksomhet innenfor Kirkens Bymisjon som utøver spesialist…
Full Time | N30, Norway
Apply 1 day, 10 hours ago
St. Olavs Hospital
Miljøterapeut Fact Psykose Øst
Miljøterapeut FACT psykose øst Avdeling for psykose og rehabilitering, Klinikk Psykis…
Full Time | Trondheim, Norway
Apply 3 days, 8 hours ago
Porsgrunn kommune
Søk På Stillingen (I Ny Fane)
Om stillingen Myrene skole m / hørselsklasser søker vikar i hørselsavdelingen. Dette er en interko…
Full Time | Porsgrunn, Norway
Apply 3 days, 8 hours ago
Rana Kommune
Miljøterapeut
Avdelingen yter tjenester til utviklingshemmede og funksjonshemmede. Miljøterapeutisk avdeli…
Full Time | N18, Norway
Apply 3 days, 16 hours ago