Find Your Next Job
Helse Vest IKT
On-Site Teknikar
Posted on Nov. 18, 2024
- Førde, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time
Lokalstøtte, Helse Vest IKT
Seksjon for Lokalstøtte har ansvar for drift og forvalting av Helse Vest sitt sluttbrukarutstyr. Dette er utstyr som vert nytta i det daglege, som for eksempel PC, skjerm, tastatur, mus, skrivar, skannar og strekkodelesar. Seksjonen består av 35 teknikarar, og desse er fordelt mellom byane Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde. Målet vårt er at tilsette i Helse Vest skal ha velfungerande og trygge IKT-arbeidsverktøy.
Vi søkjer etter ein teknikar til drifta i Førde frå 1. januar.
26.11.2024
Helse Vest IKT
Førde
On-site Teknikar
1
Heiltid
Fast
100
4880905968
Arbeidsoppgåver
- Drift og leveranse av IKT-sluttbrukarutstyr som PC-ar, skrivarar, skjermar, betalingsterminalar o.l.
- Varelogistikk.
- Deltaking i prosjekt.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i dataelektronikar-faget.
- Erfaring frå reparasjon, feilsøking og montering av sluttbrukarutstyr som PC-ar, skrivarar, skjermar, m.m.
- Kunnskap og erfaring i feilsøking på Windows-operativsystem.
- Erfaring med kundebehandling.
- Erfaring frå stordriftsmiljø er eit føremon, men ikkje eit krav.
- Erfaring med lagerhald og varemottak er eit føremon, men ikkje eit krav.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du er open og svolten på ny kunnskap og teknologi.
- Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst.
- Du er serviceinnstilt og klar til å hjelpe brukarane på sjukehuset.
-
Du jobbar godt i team.
Vi tilbyr
- Interessante utfordringar med moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- Moglegheit for å vere med på å forme framtidas IKT-løysingar innanfor helse.
- Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet.
- Deltaking på spanande oppgåver innanfor lokale og regionale prosjekt.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
- Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.
- Trygg arbeidsplass med føreseielege rammer.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Customize Your Resume to Match this Job
Share with Friends!