Find Your Next Job
Open Søknad – Bli Ein Del Av Fjord1
Posted on Dec. 9, 2024
- Florø, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time
Fjord1 AS
Er du interessert i å jobbe i Fjord1, men finn ikkje ei passande stilling å søke på? Send oss ein open søknad!
Fjord1 AS er eit av Noregs leiande selskap innan ferje- og hurtigbåttransport, og vi er alltid på utkikk etter dyktige og engasjerte medarbeidarar som vil vere med på å forme framtida vår. Om du ikkje finn ei stilling som passar akkurat no, oppmodar vi deg til å sende oss ein open søknad. Vi vurderer søknadar fortløpande, og dersom ei passande stilling dukkar opp, vil vi ta kontakt med deg.
Kva inneber ein open søknad?
Ved å sende oss ein open søknad kan du bli vurdert for framtidige stillingar i Fjord1. Vi ser etter kandidatar med kompetanse innan ulike administrative fagområde, som økonomi, kommunikasjon, innkjøp, elektro, teknisk, leiing, forretningsutvikling og andre relevante funksjonar.
24.12.2024
Fjord1 AS
Florø
Open søknad
1
Heiltid
Fast
100
4894752949
Kven ser vi etter?
Vi ser etter kandidatar som:
- Er proaktive, strukturerte og løysningsorienterte.
- Er strukturert, sjølvstendig og serviceinnstilt.
- Har gode samarbeidsevner og kan bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
- Kommuniserer godt både munnleg og skriftleg, på norsk og engelsk.
- Ønsker å vere med på å utvikle Fjord1 og bidra til bærekraftige løysningar
Kva får du i Fjord1?
- Ein meiningsfull jobb i eit av Noregs mest spennande og framtidsretta selskap.
- Konkurransedyktige vilkår og moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Moglegheita til å jobbe i ei verksemd som set miljø og berekraft i fokus.
Korleis søkjer du?
Send inn ein open søknad og CV der du fortel om deg sjølv, din bakgrunn og kva område du er interessert i å jobbe med.
Vi gler oss til å høyre frå deg og ser fram til å utforske korleis dine talent kan passe inn i Fjord1!
Kontaktinformasjon
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!