Find Your Next Job

NRK NRK

Oppdragstaker - Film- Og Serieanmeldelser

Posted on May 17, 2025

  • Oslo, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Full Time

Oppdragstaker - Film- Og Serieanmeldelser

Tailor Your Resume for this Job


Vil du melde filmar og seriar for NRK?

4107 IKUL Kulturinnhold, NRK

Søk på stillinga


Om stillinga

Kritikk og meldingar hos NRK engasjerer, forklarer og set kultur i samanheng for publikumet vårt. Dei er skrivne av folk som ønsker å meine noko og som ønsker å bli lesne. Vi styrker no laget vårt av meldarar for oppdrag innan film- og seriefeltet med ein frilansar.


Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

18.05.2025

Arbeidsgivar:

NRK

Stillingstittel:

Oppdragstaker - film- og serieanmeldelser

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Deltid

Tilsetjingsform:

Anna

Stillingsprosent:

0

Webcruiter-ID:

4955931147


Arbeidsoppgåver

NRK sine kritikarar er Noregs mest lesne og høyrde – og leverer innhald til alle plattformer. Ein oppdragstakar for NRK er ikkje tilsett. I denne rolla vil du primært levere innhald på bestilling til NRK.no som frilansar. Andre aktuelle redaksjonar og flater er Nyheitsmorgon, NRK P2, NRK P3 og sosiale medium.

  • Melde filmar og seriar på oppdrag for NRK
  • Kommentere aktuelle hendingar og utvikling innan film- og seriefeltet
  • Formidle meldingar, kritikk, anbefalingar, analyse og kommentarar skriftleg og/eller munnleg

Kvalifikasjonar

  • Sterke skriftlege eigenskapar
  • God formidlingsevne og formidlingskunnskap
  • Solid og relevant kompetanse på film, seriar og populærkultur
  • Erfaring med visuelle format
  • Erfaring med unge og unge vaksne målgrupper

Personlege eigenskapar

  • Entusiasme for film og seriar
  • Formidlingsglede
  • Vise initiativ og ansvarskjensle
  • Høg fagleg kompetanse
  • Effektiv kommunikasjon
  • Evne til å levere innan tidsfrist

Alle søkarar blir bedne om å leggje ved arbeidsprøver (minst éin meldingstekst og ein video av deg sjølv der du fortel om ein film/serie) til søknaden. Legg filene ved som vedlegg eller lim inn ei lenkje til eit tilgjengeleg filområde i søknadsteksten.

Nødvendig opplæring vil bli gitt. Kandidatar vil bli vurderte uavhengig av bustad.

Vi tilbyr

Å vere med på å prege kulturjournalistikken i eit av Noregs største mediehus.

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggjande verdiane våre er open, modig og truverdig. For å lykkast med eit omfattande allmennkringkastaroppdrag, treng vi medarbeidarar med ulike erfaringar og bakgrunnar. Kandidatar innanfor mangfaldsområda fleirkultur, kjønn og LHBT+, språk- og funksjonsmangfald blir derfor oppfordra til å søke.




Adresse:


Kontaktinformasjon

Rune Håkonsen
Prosjektleiar
Telefon:
+4797088507
E-post:
rune.hakonsen@nrk.no
Elisabet Davidsen
Porteføljeleiar
Telefon:
+4793028049
E-post:
elisabet.davidsen@nrk.no

Om arbeidsgivaren

Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!