Find Your Next Job
Opplæringsstilling 2.Maskinist I Sambandet Halhjem - Våge, P.T Mf Kommandøren
Posted on Dec. 31, 2024
- Os, Norway
- No Salary information.
- Full Time
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Vi har no ei ledig opplærlingsstilling som 2.maskinist i sambandet Halhjem - Våge, om bord vår flotte elektriske ferje MF Kommandøren. Vi ser etter deg som har ambisjonar om å bli maskinsjef.
Kvifor velje oss?
Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
-
Fleksibel vaktordning: Døgnskift med 3 veker på, og 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
-
Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!
Oppstart snarast. Sjøkarer vurderes fortløpende.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
13.01.2025
Fjord1 AS
Os, Tysnes
Opplærlingsstilling 2.maskinist i sambandet Halhjem-Våge, p.t. MF Kommandøren
2
Heiltid
Fast
100
4900084758
Arbeidsoppgåver
- Gjere seg kjend med sikkerhetsstyringssystemet.
- Gjere seg kjend med rutinar som gjeld stillinga.
- Gjere seg kjend med beredskapsfunksjonen i samsvar med alarminstruks.
- Gjere seg kjend med verne- og miljøarbeid, samt bruk av verneutstyr.
- Gjere seg kjend med
- Utføre maskinvakt og førefallande arbeid om bord
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde og at kjemikalium vert handtert etter prosedyrar.
Kvalifikasjonar
- Minimum M4-sertifikat
- Høgspentkurs
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
- Vi søker en ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinist med M4 sertifikat med fokus på sikkerhet og effektiv drift. Du er løsningsorientert, strukturert og trives med å arbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø, er noko av det viktigste du veit. Visst desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Maskinistforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: Døgnskift 3 veker på og 3 veker av
Fv49 14
5680 Tysnes
Norge
Kontaktinformasjon
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!