Find Your Next Job

Pleieassistent Sommar

Posted on April 29, 2025

  • Bergen, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Part Time

Pleieassistent Sommar

Om stillinga

Voss sjukehus, medisinsk sengepost har ledig vikariat i sommar som pleieassistent.

Dersom du ynskjer å opparbeida deg solid erfaring og god kompetanse innanfor fleire spanande fagområder ynskjer me DEG med på laget!!!

Medisinsk seksjon består av merkantilt personell, poliklinikkar, dialyseavdeling og sengepost.

Som pleieassistent på sengepost vil du bli ein del av eit aktivt miljø med høg fagleg kompetanse som behandlar pasientar med ulike indremedisinske diagnosar. Her vil du samarbeida med ulike profesjonar som sjukepleiar, helsefagarbeidar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og anna helsepersonell.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

13.05.2025

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stad:

Voss

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Engasjement

Webcruiter-ID:

4962126444

Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Pleie og oppfylgjing av pasientar med generelle indremedisinske diagnosar
  • Førefallande arbeid i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå stell, pleie og observasjonar av pasientar
  • Meistrar norsk skriftleg og munnleg
  • Ynskjeleg med relevant utdanning frå vgs eller høgskule
  • Kjennskap til bruk av IKT-verktøy

Personlege eigenskapar

  • Er strukturert og tek ansvar
  • Evner å arbeide sjølvstendig samstundes som at du er ein god lagspelar
  • Har pasienten i fokus
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Er tilpasningsdyktig og fleksibel

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons -og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard
  • Eit trygt og godt arbeidsmiljø
  • Todelt turnus inkl helgearbeid


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse




Adresse:
Sjukehusvegen 16, 5700 Voss, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Sissel Marie Finne
Ass avdelingsleiar
Telefon:
95899553

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!

Similar Jobs


Helse Bergen Helse Bergen

Servicemedarbeidar Sommar

Om stillinga Voss sjukehus, medisinsk sengepost har ledig vikariat i sommar som servicemedarbeidar.…

Part Time | Bergen, Norway

Apply 13 hours, 37 minutes ago

Helse Bergen Helse Bergen

Pleieassistent - Stilling For Medisinstudent

Om stillinga Brannskadeavdelinga ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus har ledig st…

Part Time | Bergen, Norway

Apply 2 months, 4 weeks ago