Find Your Next Job
Pleieassistent - Stilling For Medisinstudent
Posted on Jan. 30, 2025
- Bergen, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Part Time
Brannskadeavdelinga ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus har ledig stillingar for medisinstudentar. Turnus med arbeid pt. kvar 3. helg. og full stilling om sommaren. Stillingane er ledig frå snarast eller nærare avtale.
Avdelinga har ansvaret for den nasjonale behandlingstenesta for avansert brannskadebehandling og behandlar kvart år 150-200 pasientar frå heile landet med alvorlege brannskadar. Vi behandlar både barn og vaksne. Arbeidet er tverrfagleg og vi har eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper.
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
28.02.2025
Helse Bergen
Pleieassistent/ medisinstudent
3
Deltid
Vikariat
15
4913439251
Arbeidsoppgåver
- Brannskadeavdelinga er ein spennande arbeidsplass med mange medisinfaglege utfordringar
- Peie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar
- Bistå med anna forefallende arbeid i avdelinga
-
Arbeid knytt til sjukepleiar, sår og sårbehandling, ernæring, mobilisering og planlegging av rehabilitering etter brannskadar i samarbeid med sjukepleiar
Kvalifikasjonar
- God erfaring i pleie av pasientar
-
Kunne bistå intensivsjukepleiar/sjukepleiar i stell og pleie av pasientar
- Kurs i medikamenthandtering
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker oss medarbeidarar som søker faglege utfordringar, og som likar å arbeide i team, også tverrfagleg team
- Søkar må ha evne til å takle raske omstillingar, høgt arbeidstempo og vere løysingsorientert
- Søkar må ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver og ha respekt for kvar enkelt pasient
- Søkar må ha evne til å jobbe sjølvstendig og bidra/fungere i krevande situasjonar
- Du må kunne trivast i eit aktivt og travelt miljø, vere positiv og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Moglegheit til å opparbeide seg ein unik kompetanse då vi har nasjonal funksjon
- Spennande arbeidsstad
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg og godt arbeidsmiljø
-
Fagleg og personleg utvikling
- Ulempetillegg
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!