Find Your Next Job
Portør Til Vikariat Ved Voss Sjukehus
Posted on May 16, 2025
- Bergen, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Part Time

Støttetenester, Voss sjukehus som består av portør, reinhald og innkjøp, har eit godt og stabilt fagmiljø med motiverte og hyggelege medarbeidarar. Voss sjukehus har om lag 400 tilsette, og er eit moderne og velutstyrt sjukehus med ulike faggreiner innan spesialisthelsetenesta.
Vi har no ledige vikariat som portør i 80% stilling frå 23.06.2025 til 17.08.2025.
01.06.2025
Helse Bergen HF
Voss
Portør
1
Deltid
Fast
80
4968920861
23.06.2025
Arbeidsoppgåver
- Pasienettransport internt i seng/rullestol eller gåande
- Transport av reine og skitne senger
- Transport av reint og skittent tøy
- Intern varetransport
- Handtering av boss og spesialavfall
Kvalifikasjonar
- Må ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Personelge eigenskapar blir vektlagt
- Ønskeleg med førstehjelpskurs
Personlege eigenskapar
- Vere utadvendt og serviceinnstilt
- Fleksibel, gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du arbeider sjølvstendig og meistrar handtering av fleire oppgåver på same tid
- Du har god orden, er punktleg og påliteleg
- Vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Arbeidet er fysisk krevande
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt fagleg miljø og teamarbeid med hyggelege kollegaer
- Relevant opplæring
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!