Find Your Next Job

Postdoktor 3 År Ved Institutt For Global Helse Og Samfunnsmedisin

Posted on Feb. 17, 2025

  • Bergen, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Full Time

Postdoktor 3 År Ved Institutt For Global Helse Og Samfunnsmedisin

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Postdoktorstilling

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei 100 % stilling som postdoktor for ein periode på 3 år. Stillinga er knytt til prosjektet Centre for Intervention Science in Maternal and Child health (CISMAC), finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Å leie arbeidet med implementering og utvikling av rammeverk og metodar for kvantitativ rettferd i FairChoices: DCP Analytics Tool (www.fairchoices.org), og teste desse for utvalde tiltak innan mødre- og barnehelse, samt tiltak retta mot ikkje-smittsame sjukdomar som er relevante for essensielle helsetenestepakkar i låg- og mellominntektsland.
  • Å utvikle «equity-impact» modeller i FairChoices: DCP Analytics Tool for utvalde tiltak innan mødre- og barnehelse, samt tiltak retta mot ikkje-smittsame sjukdomar.
  • Å utarbeide omfattande dokumentasjon av rammeverk og metodar for kvantitative rettferds analysar i FairChoices: DCP Analytics Tool.
  • Basert på dette arbeidet, å publisere artiklar i fagfellevurderte internasjonale tidsskrift.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor medisin, helsefag, folkehelse eller liknande felt, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist.
  • Erfaring frå forsking i filosofi og etisk teori.
  • Erfaring med bruk eller utvikling av kvantitative metodar for vurdering av rettferds-effektivitet-avvegingar i helsepolitikk og empirisk forsking blir rekna som ein fordel.
  • Klinisk erfaring som lege, sjukepleiar eller innanfor folkehelse blir rekna som ein fordel.
  • Erfaring med programmeringsspråket R blir rekna som ein fordel.
  • Arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Nytte norsk og engelsk munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden.

Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Den tilsette kan verte pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.

Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår for postdoktor, stipendiat mv.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Løn er for tida kr 624 500 (kode 1352). For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 635 400. For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 657 300.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga.
  • Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling.
  • Relevante attestar.
  • Publikasjonsliste.
  • Vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon) .

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Kjell Arne Johansson, e-post: kjell.johansson@uib.no, tlf.: +47 97191828.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter.


Søknadsfrist

31. mars 2025

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Heiltid

Varigheit

Åremål

Arbeidsstad

Årstadveien 17, 5018 Bergen

    Ledige stillingar - Universitetet i Bergen


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!