Find Your Next Job

Rektor

Posted on March 11, 2025

  • Full Time

Rektor job opportunity

Tailor Your Resume for this Job


(i ny fane)


Om stillinga

ER DU DEN NYE REKTOREN VED KVAM VAKSENOPPLÆRING?

Me treng ein raus, tydeleg og engasjert rektor som kan leia Kvam Vaksenopplæring frå 1. august 2025!
Kvam Vaksenopplæring er sentralt plassert i Norheimsund i Hardanger og skal komande skuleår flytta inn i lokaler i nye Kvam vidaregåande skule.

Viktige fokusområde for skulen:

  • Modulstruktuert opplæring (FOV)
  • Arbeidsretta norskopplæring
  • Intensiv startopplæring
  • Implementering av ny opplæringslov
  • BTI /Betre Tverrfagleg Innsats
  • HMS for tilsette

Variasjon i undervisning og arbeidsmåtar, gode relasjonar og inkluderande klasseleiing er viktig i Kvammaskulen.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
24.03.2025
Arbeidsgivar:
Kvam herad
Stad:
Norheimsund
Stillingstittel:
Rektor
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
4934229997
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

Rektor har ansvar for den totale drifta av skulen: pedagogisk, administrativt og økonomisk. Rektor har inneverande år 100% leiingsressurs og åtte årsverk til undervisning. Dei tilsette har høg fagleg kompetanse og god samarbeidskultur. Det er om lag 90 elevar ved skulen, men elevtalet varierer ein del gjennom året, og kan variera frå år til år.
Rektor arbeider tett med skuleeigar og rektorkollegiet i grunnskulen i Kvam, og samarbeider tverrfagleg med PPT, Nav, helsesjukepleiar, psykolog, barnevern og familiesenteret. Kvam har nettverk for rektorar i grunnskulen, kor også rektor for Vaksenopplæringa deltek når tema høver. Vidare har skulen kompetanseutviklingssamarbeid med Hardanger/ Voss kompetanseregion.

Som rektor vil du:

  • leia skulen i tråd med vedtekne rammer, politiske og administrative vedtak og gjeldande lovverk
  • vidareutvikla ein trygg og god skule, med eit inkluderande læringsmiljø for elevane og eit profesjonsfellesskap for dei tilsette
  • forvalta skulen sine totale ressursar strategisk slik at han sikrar god undervisning og læring
  • vidareutvikla det pedagogiske arbeidet, slik at læringsutbytet for kvar elev aukar
  • bruka forskingsbasert kunnskap og skapa engasjement om felles mål
  • involvera og samarbeida med elevar, tilsette og andre samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

Me søkjer ein rektor som har:

  • godkjend kompetanse etter Opplæringslova §17
  • rektorerfaring og/eller leiarutdanning eller sekundært er villig til å gjennomføra leiarutdanning
  • oversikt over nyare forsking på skuleutvikling
  • administrativ kompetanse, samt IT-kompetanse
  • kjennskap til aktuelle lover og avtaleverk
  • grunnleggjande realkompetanse om offentlig forvaltning og økonomistyring
Krav om politiattest i samband med tilsetjing jfr. Opplæringslova §17-11. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Personlege eigenskapar

Me treng ein rektor som :

  • er raus, engasjert og tydeleg
  • er visjonær og ambisiøs på elevane og skulen sine vegne
  • har eit positivt elevsyn og fokus på meistring for elevar og tilsette
  • er utviklings- og endringsorientert
  • er imøtekomande og til stades for elevar, tilsette og samarbeidspartnarar
  • toler høgt arbeidstempo og kan arbeida etter tidsfristar
  • kan bidra til å utvikla det profesjonelle læringsfelleskapet på skulen og gjennom samhandling i oppveksteininga i Kvam herad
  • kan analysera, planleggja, gjennomføra og styra innan vedtekne rammer

Me tilbyr

  • samarbeidsfora med alle skuleleiarane i kommunen og med overordna skuleleiing
  • leiarsamlingar med alle 80 leiarane i kommunen
  • høve til å delta i utvikling av Kvammaskulen
  • leiarstøtte frå sentrale IT, HR og økonomifunksjonar
  • høve til å delta på rektorutdanning
  • godt kollegialt samarbeid
  • godt tverrfagleg samarbeid
  • Lønn etter avtale, med gode pensjons- og forsikringsvilkår


Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.




Adresse: Sandvenvegen 5, 5600 Norheimsund, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Inga Lill Jensen Tolo
Leiar for skule
Telefon: +47 951 19 865

Om arbeidsgivaren

Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger!


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!

Similar Jobs


Landeskrankenhaus logo Landeskrankenhaus

Musiktherapeut / Kreativtherapeut Schwerpunkt Musik (M/W/D)

Rheinhessen-Fachklinik Mainz Mainz Vollzeit Kennziffer: 4525 Musiktherapie, die wirkt. Musiktherape…

Full Time | Mainz, Germany

Apply 6 hours, 45 minutes ago

Krankenhaus Hetzelstift logo Krankenhaus Hetzelstift

Stellvertretender Pflegedirektor (M/W/D)

Stellvertretender Pflegedirektor (m/w/d) ab sofort Vollzeit Neustadt an der Weinstraße Wir…

Full Time | Neustadt an der weinstraße, Germany

Apply 1 day, 6 hours ago

Immanuel Albertinen Diakonie logo Immanuel Albertinen Diakonie

Advanced Practice Nurse M/W/X Oder Pflegewissenschaftler Zur Pflegepraxisentwicklung M/W/X Für Den Fachbereich Kardiologie

31.03.2026 Berufserfahrene Studierende Pflege Hamburg Advanced Practice Nurse m/w/x oder Pflegewiss…

Part Time | Hamburg, Germany

Apply 1 day, 6 hours ago

Grawe logo Grawe

Experte (M/W/D) Für Firmenkunden & Betriebsversicherung

Graz Vollzeit 40 h ab sofort GRAWE Wir suchen für unsere Landesdirektion Graz/Graz-Umgebung ei…

Full Time | Graz, Austria

Apply 2 days, 6 hours ago

Grawe logo Grawe

Assistenz (M/W/D) Des Landesvertriebsdirektors

Linz Teilzeit 30 h ab sofort GRAWE Wir suchen für unsere Landesdirektion Oberösterreich e…

Part Time | Linz, Austria

Apply 2 days, 6 hours ago

Folkekirken logo Folkekirken

Undervisere Til Vestervig Kirkemusikskole

Folkekirken beskæftiger over 12.000 medarbejdere på landsplan, godt hjulpet af flere tu…

Internship | Aalborg, Denmark

Apply 4 days, 6 hours ago

VUC logo VUC

Gymnasiesekretær Til Greve Gymnasium

Vil du være en central del af et levende gymnasium – og gøre en forskel for unge…

Full Time | Greve, Denmark

Apply 4 days, 6 hours ago

May & Olde GmbH logo May & Olde GmbH

Kaufmännische Leitung (M/W/D)

Über uns: May & Olde zählt zu den erfolgreichsten BMW und MINI-Händlern in Nordd…

Full Time | Halstenbek, Germany

Apply 5 days, 6 hours ago