Find Your Next Job
Seniorkonsulent (Vikariat) I Studieseksjonen Ved Det Psykologiske Fakultet
Posted on Feb. 20, 2025
- Bergen, Norway
- 0 - 0 USD (yearly)
- Full Time

Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet ønskjer deg velkomen som søkjar til eit vikariat i 100 % stilling knytt til studieadministrative arbeidsoppgåver, med tilsetjing snarast mogleg. Vikariatet har ei varigheit på 12 månader. Stillinga høyrar til studieseksjonen ved fakultetet og har sin arbeidsplass i Christiesgate 12.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge, koordinere og utføre praktisk arbeid omkring eksamensavviklinga
- Rettleiing, sakshandsaming, timeplanlegging, utgreiing, kvalitetsarbeid og utvikling knytt studieseksjonen sitt ansvarsområde
- Inngå i fakultetet sin førstelineteneste, som inneber å vere ein del av bemanninga til informasjonssenteret, følgje opp studentar som tek kontakt ved besøk i informasjonssenteret, per telefon og/eller UiBhjelp.
Stillinga kan bli tillagt andre arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar
Du har
- minimum bachelorgrad. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle vege opp for utdanningskravet.
- god administrativ IT-kompetanse. god skriftleg og munnleg framstillingsevne, både på norsk (begge målføre) og engelsk.
- god kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og offentleg forvaltning.
- erfaring frå studieadministrativt arbeid og sakshandsaming innan offentleg forvaltning.
- kjennskap til Felles Studentsystem (FS), Inspera og andre digitale verktøy.
Personlege eigenskapar
Du er
- sjølvstendig og strukturert
- fleksibel og serviceinnstilt
- systematisk, initiativrik og løysingsorientert
og har
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Vi kan tilby:
- spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- brutto årsløn som seniorkonsulent (kode 1363) 560 000,- til 595 000,-. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- fungerende seksjonssjef Hege Sygna, tlf. 55 58 62 82, hege.sygna@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter.
Spørsmål om stillinga
Hege Sygna
fungerende seksjonssjef
+47 55 58 62 82
hege.sygna@uib.no
Søknadsfrist
2. mars 2025
Arbeidsgivar
Universitetet i Bergen
Kommune
Omfang
Heiltid
Varigheit
Vikariat/mellombels
Arbeidsstad
Ledige stillingar - Universitetet i Bergen
Tailor Your Resume for this Job
Share with Friends!