Find Your Next Job

Sjukepleiestudentar Som Pleieassistent På Gastrokirurgen

Posted on May 12, 2025

  • Bergen, Norway
  • 0 - 0 USD (yearly)
  • Part Time

Sjukepleiestudentar Som Pleieassistent På Gastrokirurgen

Om stillinga

Vi har ledige faste helgestillingar for sjukepleiarstudentar ved Kirurgisk Klinikk post 1.

Kirurgisk Klinikk post 1 er ein del av avdeling for Gastro- og akuttkirurgi, og tar hand om pasientar med sjukdommar i heile mage-tarmsystemet.

Post 1 har 40 senger og ca 69 årsverk. Posten har ein høg andel elektive pasientar, og mange er alvorleg sjuke. Vi jobbar mye med innovasjons og forbetringsprosjekt.

Dei tilsette jobbar aktivt med ressurspersonoppgåver og vi jobbar heile tida med å heve vår faglege kompetanse. Pleieassistentar jobbar i team med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar på posten, samtidig som ein jobbar tverrfagleg med kirurgar, fysioterapeutar og anna personale.

Dette er ein spennande, lærerik, travel og fantastisk avdeling å jobbe på. Som pleieassistent hos oss vil du raskt opparbeide deg eit godt klinisk blikk, jobbe i eit godt arbeidsmiljø og ved nokre anledningar få øve på prosedyrar.

Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:

25.05.2025

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stillingstittel:

Sjukepleiarstudentar søkes som pleieassistent helgestilling Gastrokirurgisk avdeling

Stillingar:

6

Heiltid / Deltid:

Deltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

15

Webcruiter-ID:

4965932213

Del på X


Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Pleie til kirurgiske pasientar, pre- og postoperativt
  • Pleie til palliative pasientar

Kvalifikasjonar

  • Meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Ha relevant pleieerfaring, eller vore hos oss i praksis som sjukepleiarstudent eller i praksis som helsefagarbeidar
  • Vere student med helsefagleg bakgrunn

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Tilpassingsdyktig
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Like varierte utfordringar
  • Sjølvstendig
  • Engasjert

Vi tilbyr deg

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Sjukepleiefagleg rettleiing


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.




Adresse:
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge
(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Anette Haatuft Haugland
Seksjonsleiar Vest
Telefon:
55973408
May-Britt Sudmann
Seksjonsleiar Nord
Telefon:
55973402

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.


Tailor Your Resume for this Job


Share with Friends!